torsdag 26. august 2010

Tybring Gjedde sitt Noreg

Formann i Oslo FrP, stortingsrepresentant Christian Tybring Gjedde, har i lag med Kent Andersen, eit styremedlem av Oslo FrP, forfatta ein kronikk i Aftenpoften som har vekt ein smule oppsikt i dag. Under tittelen "Drøm fra Disneyland" freistar dei to genia å vise sine intellektuelle musklar ved å definere norskheit med henvising til forvirra minner av ei oppvekst på 60-talet då det var færre mørkhuda menneske i landet vårt. Arbeidarpartiet har sluppen inn for mange framandfolk, insisterar dei på, og Noreg vert riven i fillebitar. Kronikken er ei vanvittig røre av halvfordøyde tankar og usamanhengande tankespinn, henta fram frå dei gode gamle dagar då FrP var eit erklært tomsingparti. Det mytiske Noreg skal her forsvarast frå minst like mytiske inntrengjerar.
"Vi er født og oppvokst i norsk kultur siden tidlig på 60-tallet, så kom ikke her og fortell oss at kulturen vår ikke finnes. Til tross for at Oslo-folk, nordlendinger, vestlendinger, og folk fra «oppibygda» og «nerribygda» har vært i konflikt i 1000 år, så har vi alle definert oss som norske. Og de som absolutt ikke vil være med på laget, har fått lov å stå utenfor og kalle seg bergensere. I all vennskapelighet."
Hans kritikerar hoppa sjølvsagt i stolane sine etterkvart som dei last nedover det nedrige skrivet. Mellom linjane kunne ein lukte rasismen som alltid har ulma i FrP. Men nei, kontrar Tybring Gjedde - eg har jo hatt ein sånn dere pakkis, eg meinar pakistanar, som sambuar i to år. Ingen lurar på kvifor det vart slutt mellom dei.

Andre lar seg ikkje lure. Den vidkjende norskheitsforkjemparen, og tidlegare Vigrid leiar, Tore Wilhelm Tvedt, er kjapt ute i VG og forsvarar den omstridte FrP-toppen:
"Tybring-Gjedde har helt åpenbart en rasist inni seg, men han tør dessverre ikke å slippe han helt ut. Jeg mener han burde tørre å snakke åpent om at vi deltar i en rasekrig, men han er mye tydeligere enn representanter for de etablerte partiene pleier å være. Det fortjener han honnør for."
Tvedt er ikkje åleine om å gje han støtte. Arne Tumyr, frå den klovnegruppa Stopp islamiseringen av Norge har og trykt FrP-toppen til sitt blaute bryst.
"Denne kronikken kunne vært skrevet av oss. Vi har blitt kalt rasister i årevis, og blitt forsøkt tiet i hjel. Derfor er det veldig gledelig at en representant for et av de etablerte partiene trer fram på denne måten. [...] Mange i Frp vil ikke ha noe med oss å gjøre, fordi de er engstelige for å bli støtt ut av det gode selskap, men vi ser på Tybring Gjedde som en viktig støttespiller. Denne kronikken bidrar til å gjøre våre standpunkter mer stuerene."
Og dette må jo vi ivrige tilhengjarar av den sunne norske debatt vere glade for, men Tybring Gjedde stiller seg uforståande. Han veit ikkje kven dei er, seier han. Anar ikkje kven denne Tvedt er, og har aldri snakka med han. Han understrek dette.


For Tore Wilhelm Tvedt er ikkje ein del av Tybring Gjedde sitt Noreg. Tybring Gjedde sitt Noreg er ein særeigen stad, berre han kjenner til. Ein stad som er så norsk, at norskheita truleg ikkje berre har tatt fysisk form, men og ein eigen kuriøs aroma.
Han hevdar å ha budd 11 år i utlandet, men det virker for meg som han har vore langt, langt vekke mykje lenger enn det. Ein mann som har tilbragt livet sitt i sitt eiga lille Noreg bør kanskje vere litt varsam med å uttalse seg om det Noreg vi andre lev i? Men kva veit vel eg... eg er nok berre ein bergensar!

10 kommentarer:

  1. Lille, ville Tore! Nå også kjent som Ergon på Nyhetsspeilet! ;)

    SvarSlett
  2. Litt av ein sengekamerat partiet Høgre har fått seg...

    SvarSlett
  3. Snirkel: Ja, han har jo lenge vankar i dei meir perifere miljø.

    Bernt: Ein ting er sengekameraten, det legg eg meg ikkje opp i, problemet er lydane under akta.

    SvarSlett
  4. Norsk kultur har lenge vært under angrep fra Midtøsten. Kristendommen kommer jo derfra. Samme med strikking, øl, vin og mange av høytidene vi feirer. Plus mange andre ting jeg ikke har tid til å nevne.
    Burde vi ikke forkaste alt dette snart, og gå tilbake til reinspikka norsk, det vil si trøndersk, kultur?

    SvarSlett
  5. Eg undrar meg litt over at det akkurat var tidleg på sekstitalet denne norske kulturen fann si høgaste form. Kva med norsk kultur frå tidlegare tider? Jødeparagrafen, ingen stemmerett for kvinner, union med Sverige og Danmark, bloting til Odin og Tor?

    Mon tro om han er klar over at dette kongehuset vårt stammar frå Danmark..?

    SvarSlett
  6. Tilbake til trøndersk kultur? Glimrende ide! Omkamp på Stiklestad!

    SvarSlett
  7. Supermarina og Svein: Trønersk kultur? Sjølvmotsigande! Nei til karsk og bart!

    Bad Mynock: Det er jo noko eiga sjarmerande over folk som er så gamle at dei drøymer seg attende til ein disig førestilling om sin idylliske barndom. Det er jo nett den same nostalgi som driv grupper som Ku Klux Klan og Pensjonistpartiet.

    SvarSlett
  8. Ravende Rabbi Roger31. august 2010 kl. 10:46

    Tore W. Tvedt er faktisk svært begeistret for islamister. Hvis dere orker å utsette dere for slik selvpining, så pløy dere igjennom nettsidene hans. Da vil dere få se at Taliban og Hizbollah hører til noen av Tores store helter, særlig i sammenhenger hvor man kommer inn på Israel og jøder. Han liker også Armin Bahrami (eller hva faen han heter). Tvedt har ingenting imot mørk hud så lenge svartingene har samme mening som ham om Abrahams barn.

    SvarSlett
  9. Ovdrykkje med øl og lemfeldig omgang med det svake kjønn er rotfesta i norsk kultur. På tide å kvitte oss med snikfeminiseringa!

    SvarSlett
  10. Roger: Sprøttingar heng i lag slik er det berre. Vi har tilbragt mykje tid på Tvedt sine sider og på Nyhetsspeilet, så det har vi lært grundig. Gjedda er med andre ord i godt selskap.

    Konrad! Ja! Ja! Ja! Allahu Akbar! Attende til våre norrønne røtter, ved Profetens skjegg!

    SvarSlett