søndag 15. august 2010

Vader og Luke

Dei fleste av mine leserar har fått dette med dykk allereie, og eg legg dette ut først og framst for å hive ut noko i årets mest hektiske periode her i garden. Det er travle tider, men ikkje så travle at ein ikkje får med seg ein Star Wars-relatert godbit som dukka opp denne helga på Star Wars Celebration 5.

I det originale manuset av Return of the Jedi, og på det utvida soundtracket som vart tilgjengeleg på slutten av 90-talet, finn ein ei scene der Darth Vader strekk seg ut mot sin son med krafta, medan son sin fullførar det siste steget på si utdanning som Jedi - han bygg sin eigen lightsaber. Scena har aldri blitt vist.

Før denne helga. Og om du ikkje har sett den enno, så er den her. Vonar alle har hatt ein god helg. Må krafta vere med dykk.

2 kommentarer:

  1. Vet du når i filmen denne scenen eventuelt ville vært?

    SvarSlett
  2. Ja, absolutt heilt i byrjinga. Etter samtala mellom Vader og Moff Jerjerrod og før R2D2 og C-3PO går til Jabba. Så det øydelegg jo litt av mystikken som er no.

    SvarSlett