fredag 3. september 2010

Den stengte døra

Om du vitjar bygget der vi har vår moskè i desse dagar er det stor sjanse for at du møtar ein låst ytterdør. Og ingen ringeklokke til å vekke merksemda til bebuarane på innsida. Smekklås er installert og no skal verda verte trygg. Det er jo sjølvsagt som ein konsekvens av ein viss turbulens i nabolaget, som endte opp med å sende mullaen i politiavhøyr (nett som Krekar!)!

Ein kan jo forstå at to siklande troglodyttar som knivstikk ein kompis kan gjere båe den eine og den andre urolege. Noko som ein såg på det antallet leiligheiter i bygget som brått vart ledige, og det til ein rimeleg penge. Eg møtte ein av mine naboar på veg ut - no var det nok, insisterte han på. Han hadde budd her i 25 år, men no var nervene tynnslitt. For det siste drapet er nok berre ein av mange interessante hendinger i byggets lange historie.

Så slik sett, så forstår ein. Ein lås på døra. Tryggleik. Slikt gjev folk betre sovehjarte.

Men nokon burde fortelje dei at det ikkje hjelp med lås på bygget, når drapsmennane bur i blokka. Og dei har nøkkel.

3 kommentarer:

  1. Trusselen kommer utenfra vet du.

    SvarSlett
  2. Korleis skal vi no få spelt Mage?

    SvarSlett
  3. Batcheeba: Ja, men du er så langt unna at eg er ikkje uroleg.

    Bad Mynock: We have our ways. Eg sa dei hadde installert lås... eg sa ikkje noko om kor lenge den kan fungere i dette nabolaget. Berre røsk hardt i døra du :-P

    SvarSlett