søndag 26. september 2010

Halal på menyen

Torsdagens innlegg om ingefær fekk meg til å tenkje på mat. Eg tenkjer ofte på mat. Mat er godt, og det er ein sentral del av vår kvardag. Og det er vel gjerne difor vi har matregler, eit tema som eg ikkje så altfor ofte dekker i denne bloggen. Eg har såvidt vore innom litt koshermat for nokre år sidan, som var velsmakande nok, men kva med halalmat? Halalmat er nesten det same. Akkurat det same vil nokon påstå, men neida. Ta ein kikk på dette:
Berre i aller ytterste naud bør du ete dette...
Dette er så klart ikkje halal, det er heller ikkje mykje kosher. Denne tradisjonelle hotellfrukosten bør ein gjerne unngå. Om enn ikkje av anna grunn at du simpelthen ikkje har gotdt av det. Sjølv om det smakar godt. Det er haram. Det er svinekjøt for pokker. I massevis.

Men dersom du held deg til halalmat, og ikkje kosher, så kan du sleppe unna med denne godsaka her.
Sushi var kanskje yndlingsretten til Profeten (fvmh)
Vidunderlege godbiter frå havet er noko ein er skeptisk til i jødedommen, men som Koranen  har eit velsigna avslappa forhold til. Eg er usikker på korleis jødar klarar seg utan tempura maki, men det må vel gå på eit vis. Og uansett om du er sunni eller shia, så er reker ok. I nokre fortolkingar av shiaislam så skal ein unngå skalldyr, men reker går greit. Reker er alltid ok i Islam.

Det er sjølvsagt ein haug med andre regler når det kjem til halalmat, som slaktemetoder og korleis maten skal vere velsigna, men etter fleire års studiar har det kokt ned til det overnemnte. Gissegiss er fy, tempura maki er godt.

Eg kan lett sjå for meg Profeten (fvmh) sitte i eit telt i ørkenen, godt skjult i skuggen, medan sola brann som det verste på himmelen. Det var lunsjtid. Det var sushitid. Meisterleg svingte Profeten (fvmh) spisepinnane som om dei skulle vere dei lettaste av lette sablar (light sabres?!) og gumla i seg maki, nigiri og all slag anna sushi. Ja, det skulle ikkje forundre meg om Fatima eller nokon andre i hans nære omgangskrets hadde førebudd ein estetisk tilfredsstillande bentoboks når han skulle ut og forkynne og krige. Presentasjonen er halve opplevinga, som de veit.

Det einaste som kunne ha toppe dette, var om han fekk servert strudel til middag! Ja, eg veit kva de tenkjer no. Strudel er bakverk, og difor desert eller kaffemat, og ikkje middagsmat. Det høyres difor lite kosher ut å servere strudel til middag, det er kanskje tilogmed haram? Vel, trøyst dykk med at strudel til middag er fullt mogleg. Som vi nyleg fekk demonstrert på ypperleg vis på Cafè Grössenwahn førre helg, den jamlege samankomsten til Norsk Selskab for Megalomani. På middagsmenyen stod ein vidunderleg strudelrett frå austerrike som sjarmerte oss alle i senk.
Nammestrudel!
Mine damar og herrar, hels på spinatstrudel med røykelaks og potetar. Det som truleg var favorittstrudelen til Skippern. Utsøkt, grønt og raudt. Kan det verte betre enn dette? Berre om vi har dessert.
Eplete desertstrudel! Og krem! Rrrrawr!
Og det har vi sjølvsagt! Den tradisjonelle Äpfelstrudel, med krem. Slik som har vore servert i dei germanske strøka sidan 1600-talet. Og om det skulle vere noko tvil om dette var halal, så kom inspirasjonen til retten sjølvsagt austfrå. Frå sjølvaste det ottomanske riket. Truleg etterlot dei oppskrifta på grensa då dei prøvde å ta Wien. Så aldri så kjipt, at det ikkje var deilig for nokon - eller kva?

Og om du ikkje er svolten no, og vil ha ein meny av ekte japansk-ottomansk-germansk-halalmat, så anar eg ikkje kva som er i vegen med deg. For dette er nok ein meny Profeten (fvmh) ville ha satt stor pris på.

8 kommentarer:

  1. Jeg spiste Black Pudding i Aberdeen forrige uke, Oh Mullah! Omtrent som norsk blodpølse, men mye bedre. Jeg var ikke så veldig i nød, men det var jo morgen og lenge siden jeg hadde spist og ikke så lenge siden jeg hadde drukket whisky, og magen min ble veldig glad da den fikk pølse og pudding og bønner.
    Har jeg syndet?
    Er det håp for meg?

    SvarSlett
  2. Ja, du har nok synda, men det var ei mindre synd - du måtte jo ha mat, og dei har jo ikkje anna der borte. Ja, der renn det whisky frå krana, og kjøleskapet er fullt av pølser og blodpudding.

    Så då er det greit. Og det er framleis von for deg Svein.

    SvarSlett
  3. Takk, Oh Ærerike! Din medfølelse er stor!
    *skåler med Bunnahabhain*

    SvarSlett
  4. Og eg skåler med kontorvatn. *sunn tjukk mulla*

    SvarSlett
  5. Det som manglet under middagen på Café Grössenwahn var en forrett-strudel. Hmm. Får prøve å klekke ut enda en strudelvariant.

    SvarSlett
  6. Jeg har jobbe-hjemme-dag i dag, ellers er det sjeldent med whisky på mandager. Hold ut, Oh Mullah, det er bare 96 timer til fredagsbønnen!

    SvarSlett
  7. @Basse: Mmmm. Forretstrudel skulle vel ikkje vere umogleg? Eller haram? Do it!

    @Svein: fredagsbøn og fredagswhisky?

    SvarSlett
  8. Hvis Mullahen for flere moskeer med på fredagsbønn med fredagswhisky, blir det nok snart flertall av muslimer her i landet! :)

    SvarSlett