onsdag 15. september 2010

Heks i hardt ver!

Det kan umogleg vere lett å vere prinsesse Märtha Louise. Eg forstår godt at ho vil flykte frå røynda, når røynda er at ho er gift med antroposofen Ari Behn. Slikt kan ikkje vere lett å ha med å gjere i kvardagen, og ein søkjer gjerne selskap der ein kan. Det meste er vel å foretrekke framfor å føre daglege samtaler med kongen over stemte s'ar, så eg undrar meg ikkje mykje over at ho må bille seg inn at ho snakkar med båe englar og dei døde.

Problemet oppstår jo når ho ønskjer å introdusere andre for fantasivennane sine. Slikt lover jo aldri bra, og bråk vert det kvar gong. Diverre er det ikkje psykiatrien som grip inn, men kyrkja, som klagar på at daudingar og englar - det er ikkje slikt ein skal snakke med. Og ein kan jo forstå deira perspektiv, det er nok av råtne eplar bland daudingane, så unge, lettpåverkelege jenter som Märtha Louise bør helst halde seg unna. Berre sjå på kva som skjedde då ho møtte den klysa Ari Behn?

Det er gjerne dette kjæraste Snåsamannen har i tankane når han seier at ungdom må halde seg unna Märtha og ikkje styre med spiritisme. Men Märtha får òg støtte frå Gro-Helen Tønum, som sjølv praktiserar tomprat med usynlege menneske. Samt, tar og føler på energi i reklamestunta til Stephen Fry sitt fjernsynsprogram.


Det hjelper sjølvsagt lite, for sjølvgestalta religionshistorikar Hanne Nabintu Herland er klar til dyst. Ho har tydlegvis tatt ein kort pause frå å ta oppvasken og å tilfredsstille sin mann medan han les avisa, til å sette skapet på plass med særs uklare formuleringar. Uavhengig av kor lite samanhengande, så står konklusjonen fast. Märtha er ei heks, og burde nok gå på bålet - slik som i gode gamle dagar.

Ho har nok eit poeng der. På seg sjølv kjenner ein andre. Og når vi er inne på det - burde ikkje Snåsamannen vere varsam med å kalle andre for svindlerar som driv med humbug?

På bålet med heile hurven seier eg... men i følgje Märtha så lar ho ikkje slik negativitet gå inn på seg. Dessutan er vi slemme og mobbar henne. Vi bør ikkje våge å be om noko avklaring, altså. Ho er jo prinsesse. Og heks!

11 kommentarer:

  1. Blæh. Schmabintu er så fæl at jeg automatisk synes bittelitt synd på den hun til enhver tid angriper. *pokker*

    SvarSlett
  2. Herlønd vrøvler på Tabloid akkurat nå...

    Hun vaser med begrepene sine ("sjamanisme, spiritisme osv er deler av okkultismen") uten å presisere hva hun mener med noen av dem, eller hva andre (skikkelige) religionsvitere mener med dem.

    Istedet påpeker hun at det er lite kunnskap om slikt i Norge (hun snakker nok av egen erfaring?), men legger til at det ikke er tid til å si noe om det.

    Hvor var det hun studerte igjen, for jeg ønsker å se karakterene hennes i exfac, og i hvilke religionsvitenskapelige eksamener hun har...

    SvarSlett
  3. Lo forresten høyt da jeg leste saken om Tønum på fritanke. :)

    SvarSlett
  4. Undreverset: Synd på måla til Ubuntu-dama tykkjer eg aldri... men Märtha er kanskje inne på noko når ho tergar på seg to riskfjols av denne dimensjonen? Eller... næh. Dei forten kvarandre.

    Neivi: Du må skjønne at ho ikkje nyttar desse omgrepa i ein vitskapleg forstand, men i ein særskilt kristen teologisk forstand.

    Eg trur nok eg kunne tatt henne i skule på kva okkultisme er for noko, men lar vere.

    SvarSlett
  5. Men det virker jo ikke som om hun har skjønt hva det innebærer å være teolog heller.... :/

    SvarSlett
  6. Nei, det kurset trur eg iallefall ikkje hot. Eg berre seier kvar ho hentar sin logikk frå.

    Men på den andre sida, så er kanskje afrikansk jungelteologi annleis enn den norske kyrkje si? Mykje tyder jo på det:
    http://www.youtube.com/watch?v=euXQbZDwV0w

    SvarSlett
  7. Hun er faktisk religionshistoriker. Uten at jeg noen gang har sett at hun har uttalt seg om noe på basis av det noen gang.

    Det skulle vært en tittel for "selvstendig næringsdrivende i sterke meninger", så slapp det stakkars faget å unngjelde i det minste...

    SvarSlett
  8. Som kristen skjemmes jeg jo over å være i samme bås som Herland. Men hallo, jeg er vant til det. Det er mange uspiselige kristne der ute.

    Som religionshistoriker river jeg meg derimot i håret uten ende.

    SvarSlett
  9. @Asbjørn: Kan ein ikkje inndra slike yrkestitlar når dei misbrukast? Har ho nokon publisert eller gjort noko som har med religionshistorie å gjere?

    @Neivi: Har du ikkje skjønt at du har valt båe feil tru og utdanning? Ikkje for seint å snu. Bli muslimsk skomakar!

    SvarSlett
  10. Du er absolutt inne på noe Hastur.

    Sakset fra http://www.hannenabintuherland.no/ (så andre slipper å bevege seg inn der...):

    "Hanne Nabintu Herland er en kjent kontroversiell religionshistoriker og en av Norges mest profilerte samfunnsdebattanter. Hun har kommet med en rekke utspill som har skapt en voldsom debatt i media de siste årene. Hun er kjent fra TV , radio og avisspaltene som en skarpskodd analytiker, reflektert kritiker og uredd meningsbærer. I tillegg holder hun årlig en rekke foredrag ved høyskoler og universiteter, i næringsliv- og kirkelige sammenhenger samt deltar etter invitasjon på ulike debatter.

    SvarSlett
  11. Neivi: Ja når hun sier det selv så er det vel sant, da. :-) (Note to self: Sjekke definisjonen av reflektert, den jeg opererer med er tydeligvis feil)

    SvarSlett