tysdag 28. september 2010

Mullaen, minibanken og Runde

Ein mulla på tur. Foto: Eirik McYven
Vi prøver framleis å samle oss etter førre vekes ekskursjon til Syndas Bygd, tiggerstaden der vi, i von om å frelse dei stakkars innbyggjarane, har oppretta Cafe Grössenwahn. Eit lukka selskap for dyrking av sunn fornuft og stormannsvanvidd ved ei dryppande absinthfontene. Eit einsleg fyrtårn av god gamaldags europeisk sivilisasjon, i eit falmande kulturlandskap infisert av allskens framande element. Som joggebukser og MacDonalds.

Cafe Grössenwahn kan vi siste edle menneske, uavhengig av livssyn og etnisk opphav samlast for å dele våre sorger, og saman drukne dei (og vere kvarandres alibi om nokon spør). Ja, vi er lukka, men vi slepp inn allskens folk. Tilogmed ein franskmann. Dette kjem vi attende til, for eg vil veldig gjerne dele med dykk nokre ord om musikken denne førre magiske kvelden, men det hendte meir som eg burde fortelje.

Det er ei enkel soge. Mullaen var i god form mellom dei to musikalske hendingane den kvelden, og såg for seg at han skulle berike platesamlinga si med eit par fysiske eksemplar av musikken. Til dette trengte han kontantar. Så han ropte ut til dei som ville høyre det: "Kvar finn ein eigentleg ein minibank heromkring?" Og svara hagla inn. Båe eit og to, og kanskje tre. Om ulike stadar der ein kanskje kunne finne ein minibank, men ingen kunne svare heilt sikkert.

Ein mulla med hatt. Foto: Eirik McYven
Eg er ikkje ein mann utan eventyrlyst eller tiltak, så eg tok min hatt og planta den på mitt hovud og gjekk ut i gata. Ei av retningane måtte jo vere den rette tenkte eg, og tok fatt i... ei retning. Leia av Gud, kanskje, eller gastronomisk inspirasjon etter å ha inntatt eit deilig strudelmåltid. Etter å ha gått knappe ti, eller tjue, tredve, eller førti meter, det var var vanskeleg å bedømme avstand i min euforiske tilstand. Etter eit uvisst antall steg kom eg til ein framand mann, som stod og famla med ein sykkel. Aha, tenkte eg, ein lokal kjenning, ein sykkeltjuv eller innfødd,  han kan vi jo spørre. Så eg gjorde så! "Unskuld meg, min gode mann, er du kjend i dette strøk? Du veit vel ikkje kvar eg finn ein minibank?"

"Nei, det gjer eg nok ikkje." svarte han, på umiskjenneleg vestlandsk målføre, "men sei meg, er du mormonar eller noko slikt?" Spurde han, og peikte mot min hatt, mi jakke, min vest og mitt skjegg. "Nei," svarte eg, "det er eg ei, men eg er kjend for å vere ein eksentrisk mulla."

"Er du den gale mulla? Eg er fan av deg på facebook! Kva du skal med minibank?" sa den unge mannen med eit skjeggete flir.

"Nei, eg skulle jo ha meg kontantar", svarte eg. Og det var ikkje noko problem, i følgje han, for eg kunne jo låne ein klekkeleg sum av han, og han drog opp si lommebok og telte opp... ein klekkeleg sum. Audmjuk tok mullaen i mot, og spurde kven han var og kvar han kjende sin mulla frå? Jo, det var no først og framst gjennom teikneserieskaparen Den Unge Herr Holm, for den kjekke unge mannen var sjølv teikneserieskapar kunne han meddele. Så eg måtte jo spørre, hadde han laga noko eg kanskje hadde høyrd om, for teikneseriar det likar ein jo. Ja, kanskje, han hadde laga noko dei kalte "De fire store", for den kjekke unge mannen var unge lovande Øystein Runde. Og om de ikkje har sett hans arbeid, bør de gjere det no. Ta berre ein kikk på første boka i serien:

Vi prøvde sjølvsagt å lokke han med oss til det megalomane selskap, det er jo alltid kjekt å treffe ein tilhengjar med talent og lommebok, men han haldt seg på utsida som ein einsleg barbar i kulda.

Men neste gong skal vi få han med oss inn. Og slik ender soga om Mullaen, minibanken og Runde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar