torsdag 23. september 2010

Når rotvekster ikkje er halal

Du er glad i gulrøtter og potetar, og tar gjerne ein turnips. Du er vaksen og sivilisert og veit at ingen av desse er djevelens frukt. Dei er gode for deg. Sunne og gode. Så, då kjem det neppe som ei overrasking at eg vil anbefale alle å ta i bruk ingefær i kosthaldet sitt. Dette var eg nyleg inn på, då eg var på Radioselskapet i førre veke, og snakka om gode kannibaloppskrifter. Ingefær er som kjend ein viktig ingrediens her.

Og i utgangspunktet vil eg hevde at ingefær, som dei fleste andre rotvekster er halal, og berre til å forsyne seg av. Diverre bør ein sjølvsagt vere på vakt, for avogtil er ingefær ganske så haram. Og då snakkar eg ikkje om når det blandast med gissegiss for å lage sweet & sour, men når ingefæren er gissegissen!

Slik som her!
Haram griseingefær! Oink! Oink!
Du er blind om du ikkje ser det!

Nesten like haram som turnips som har vekst seg til ein vulgær og morosam form lik delar av den maskuline anatomi. Ja, du veit kva eg tenkjer på, og du får ingen bilete. Haram, seier eg!

10 kommentarer:

  1. Hvis trynet er til høyre, er jeg ikke blind. ;

    SvarSlett
  2. Ser du! Herren har gjeve deg synet! ALLAHU AKBAR!

    Oink.

    SvarSlett
  3. Oink sjøl! Ellers må jeg med sorg melde at kvalifiseringsgruppegutta nå er ferdige med introduksjonsprogrammet, og at det nok vil ta tid å få satt sammen en liknende gjeng. Men vi holder kontakten og går en skautur av og til. Jeg skal hilse!

    SvarSlett
  4. Dei vil verte sakna. Du får helse attende.

    Kva tid skal du henge opp plakaten?

    SvarSlett
  5. De stiller hvis det er bruk for dem, ber de meg hilse. Plakaten har jeg foreløpig hjemme, de har ikke funnet et godkjent moske-lokale ennå.

    SvarSlett
  6. Den er respektfullt oppbevart, høyest i rommet.

    SvarSlett
  7. Åeh! Må henge opp noooo! Vil sjååå!

    SvarSlett
  8. Ok, skal henge den opp så snart jeg har tid, og sende et foto.
    Ellers har vi diskutert - siden gutta nå ikke går sammen lenger - om vi skal ha den hjemme hos oss etter tur.
    Er det greit for eg, Oh Ærerike?

    SvarSlett
  9. Eg meinte sjølvsagt DEG, Oh Ærerike!

    SvarSlett
  10. Sjølvsagt! Eg har ingenting i mot ein god turnè ;-)

    SvarSlett