søndag 5. september 2010

Råd frå ein profesjonell (NSFW)

Eg likar å tru at fleire av mine leserar er gamle grisar, eller nærar ein ved sitt bryst eller i sitt indre. Det er ingen skam i det. Den gamle grisen er ein institusjon i den vestlege kulturen, og sjølve bærebjelka i dens økonomi og den pesande dampmotoren i dens framdrift. Så er du ein gamal gris, så ver stolt, og gå med rett rygg og vandrande blikk. Det er likevel ein del gamle grisar som følar for å avansere til det neste nivået. Frå gamal gris, til heiltids siklande pervo. Og då er det kanskje best å høyre på erfarne tafsemenn som Terry Richardson, eller Onkel Terry blant hans offer. Onkel Terry er ein vidkjend og "populær" fotograf som oppdagar unge jenter og får dei til å stille i nettoen, og som ofte får gleda av å ta han på tissen samstundes. Her snakkar vi ein førsteklasses pervo, som stadig klarar å få unge jenter til å gjere dei mest nedrige ting og som vifter med den ikkje så altfor mini minien sin framfor gud og kvar mann. Så ja, om du vil ta ditt griseri eit steg opp, så er dette mannen for deg. Og her gjev han deg ein del råd. NSFW... Not Safe For Work som dei seier... and how!

Vil du vete meir, så kan du alltids lese denne artikkelen om sjarmtrollet og hans metodar. Og eit innblikk i hans nærstudie av unge jenters private område finn du her. Både med og utan blomsterdekor. Verkeleg... NSFW.

Onkel Terry er strengt tatt Not Safe For Anywhere. Så om du ser han luske rundt dine tenåringsdøtre... hent hagla. Det er mullaens råd.

7 kommentarer:

  1. Jeg har en stor bok med masse av hans fotografier. Pervo ja. Pedo nei.

    SvarSlett
  2. Kven sa noko om pedo? Eg sa ikkje noko om pedo. Du seier noko om pedo.

    SvarSlett
  3. "Onkel Terry blant hans offer. Onkel Terry er ein vidkjend og "populær" fotograf som oppdagar unge jenter og får dei til å stille i nettoen, og som ofte får gleda av å ta han på tissen samstundes"

    Jeg må ha hatt halliser for å tolke deg dithen.

    SvarSlett
  4. Han får vitterleg unge jenter til å ta han på tissen. Har vel ingenting med pedo å gjere det vel? Hadde det vore barn, hadde det vore noko anna.

    Den einaste som snakkar om pedo her er han, og den fine songen hans.

    Han er ein ekkel mann. Lev med det. :-P

    SvarSlett
  5. Jeg digger bakken han går på. Lev med det du ;)

    SvarSlett
  6. Om du vil provosere heromkring, så må du helst stikke syltelabbane ned i trusa på Peter Sotos og gje han ein handjager, kjære ;-)

    SvarSlett
  7. jeg provoserer ikke. Men folk blir provosert. Huge difference ;)

    SvarSlett