onsdag 22. september 2010

Sanninga om Treholt

Eg kan hugse godt saka mot Arne Treholt, heile landet vart rysta over anklagene om at han hadde spionert for erkeskurkane i Sovjet. Og enno meir sjokkerte då han vart dømd. Ein nekta nesten å tru på bevisa mot han. Og for min gudfars del, var det heller ikkje noko tvil - som ekspertvitne i saka uttalte han at den berømte konvolutten ikkje kunne ha innehaldt pengane han skulle ha tatt i mot. Og det viser seg at vi hadde god grunn til å tvile på bevisa mot han. For no kjem det fram at pengane truleg var planta av politiet.

Dette er sjølvsagt beyond skandaløst, men det er ingenting i forhold til det eg har snubla over. Det viser seg at òg dei kjende fotografia av Treholt i lag med sovjetiske agentar var grovt manipulerte. Ikkje for å stille Treholt i eit dårlegare lys, men for å fjerne dei reelle bakmennene. Dei umanipulerte bileta avslørar dei verkelege bråkmakarane i bakgrunnen av fotografiet. To kjende spionar, som til den dag i dag har gått fri. Eg oppdaga dette biletet då eg tidlegare i veka snokte rundt i NRK, og heilt tilfeldigvis snubla over det. Eg har tenkt lenge på om eg burde offentleggjere det eg fann eller ikkje, men eg innser at det er mi plikt. Sanninga må fram. Sanninga om kven som felte Treholt må fram i lyset.
Kven felte Treholt? Biletet stolen frå kjelder i NRK
Og om de ikkje ser kven det er... så er det ikkje min feil at de er historielause barbarar!

12 kommentarer:

  1. Han til høgre der er i allefall han som spelar Red i That 70 Show.

    SvarSlett
  2. Hihi, kanskje? Men det vi ser etter no er til venstre i bakgrunnen.

    SvarSlett
  3. Det er en mullah i bakgrunnen! :O

    SvarSlett
  4. Spy vs Spy! :D
    http://www.textually.org/textually/archives/images/set3/spy-vs-spy.jpg

    SvarSlett
  5. Jepp, visst er det Spy vs Spy!

    SvarSlett
  6. Fakultetet har satt ned en granskningskomite, som konkluderer: X og Y holder jo en rent gemyttlig tone der de betrakter Treholt og hans medsammensvorne,i stedet for å dælje løs på hverandre! Dette bildet er enten falskt, eller så røper det et enda større og bakenforliggende mysterium...

    SvarSlett
  7. Ja, akkurat! Spy vs Spy. X og Y. Ingen tvil om korleis dette har gått føre seg, og litt av eit komplott må det vere når dei står samla slik. Det kan berre tyde på at Spy. Eller Z, står bak! Det hersens kvinnfolket!

    SvarSlett
  8. Er det ikke Gandalf baki der da?

    SvarSlett