fredag 10. september 2010

Utdann deg sjølv, og overlev dei døde!

Vi her i moskeen er store tilhengjarar av Max Brooks (son av Mel Brooks og Anne Bancroft) si bok - The Zombie Survival Guide, som gjev deg dei naudsynte triksa for å overleve den komande zombieapokalypsa. Som tidlegare meldt, har kanadiske forskerar grubla seg fram til at ein epidemi av hjerneetande levande døde nok til overvelde menneskeheita, og ingenting tyder på at vi vil vere i stand til å gjere særleg motstand. Difor er denne boka særs nyttig for å gje oss alle det lille ekstra som kanskje gjer oss i stand til å gjere motstand. For vi er ikkje alle Woody Harrelson, og ikkje alle zombiar er tilbakeståande.

Men ei bok er ikkje nok. Vi treng workshops og seminarar. Og vi treng studiepoeng. Difor var det gledeleg å høyre at Universitetet i Baltimore no tilbyr eit kurs i zombieoverleving, der studentane vert satt til å studere og analysere den store mengda av material vi har om dei vandaude hjerneetarane. Vi vonar sjølvsagt at fleire universitet vil tilby tilsvarande kurs, og at det vert satt til side nok ressursar til det naudsynte utstyret for studentane å få praktiske øvingar. Vi snakkar sjølvsagt om motoriserte grasklipperar, motorsagar, skarpe gåstolar, heimelaga flammekasterar og anna heilt elementere forsvarsverkty.

For vi må vere varsame med å sette vår lit til eit par kull av studentar som har den naudsynte opplæringa. Eit elitekorps er bra, men vi treng å spre kunnskapen og ferdigheitane til så mange som mogleg. Ja, vi treng førebilete og nokon til å lede oss i kampen, men til det har vi Natalie Portman og syskna frå Jane Austens Pride & Prejudice, som alle er topptrente kampsportekspertar klare for utfordringa. Vi kan ikkje alle vere som dei, men vi må førebu oss på å gjere vår del. Saman kan vi kanskje tilbakevise den kanadiske forskinga, og overleve?

Og om det skulle vere seg slik, at det aldri kjem ein epidemi med zombiar... så har vi alltids det langt nærverande problemet med Pandaar og deira komande terrorregime... og eg trur nok motorsag og flammekastar fungerar på desse feite pelsdottane òg.

(Illustrasjonsbiletet er forresten stolen frå Zombie Rationality, gudane veit kvar dei fann det)

8 kommentarer:

  1. Burde vi kanskje få i gong ein studiesirkel?

    Ikkje det, eg føler meg ganske godt rusta på området. I alle fall når det gjeld kunnskap. Manglar riktignok ein del på utstyrssida.

    SvarSlett
  2. Zombier ZCHMOMBIER!
    Når skal folk få øynene opp for de farlige ninjabjørnene og deres erkerivaler, raptorpiratene!?

    SvarSlett
  3. Kva med vitaminbjørnene? Eg tvilar på at dei har reint mjøl i posen...

    SvarSlett
  4. Eg er glatt med å organisere studiesirkel. Vi bør møtast i skogen.

    Ninjabjørner? Du meinar pandabjørnar? Ja, heilt klart ein viktig trugsel. Difor bra å ta vitaminbjørnar før ein går i kamp!

    SvarSlett
  5. Nei, nei, nei!! Mine kaukasiske forbindelser sier at vitaminbjørner er sløvende dop fra de russiske tsjekistene for at alle skal hylle Putin.
    Spytt dem ut, Oh Mullah!

    SvarSlett
  6. Heilagbrøde! Putin er ein venn av vår moskè... fordi han er eit skikkeleg mannebein. Mmmmm!

    SvarSlett
  7. Hva skyldes alt dette hatet og alle disse fordommene mot oss predøde? Vitalister, det er det dere er. Fysjom.
    Hilsen KEE, morrazombie. Som ikke ber om annet enn en skikelig kopp kaffe. Dette hjernegreiene er sikkert noe de forbaska overlegne sossene "åh så kult å gå med alt for mye mascara" har satt ut. Vampyrkrek.

    SvarSlett
  8. Predøde? Postdøde meiner du vel? Eller vil du komme med den vågale påstanden at du ikkje er heilt dau enno?

    Ja, vampyrar er krek. Men hjerna mi vil eg ha i fred!

    SvarSlett