tysdag 21. september 2010

Vibratorar og eit fråver

Ein Gyrolator frå The Vibrator Museum
Mullaen har, som de skjønner, vore vekke på tur. Og han tok seg tydlegvis ikkje bryderiet med å oppdatere sine leserar. Eg skal straffe meg sjølv ved næraste høve, og kanskje tilogmed fortelje alt som hadde hendt.
Som de kanskje har fått med dykk, så var ein av årsakene til fråveret eit foredrag om vibratorens historie i Oslo. Dette haldt eg endeleg i går, og det var ein underleg affære. Vi satsar på at publikum jamt over likte tilstelninga, sjølv om ikkje alle heilt forstod kva det var som var så pokkers morosamt. Ei interessant anklage var at vi lo av temaet, fordi vi tykte det var vanskeleg å snakke om seksualitet. Nei, vi ler fordi det er morosamt. Andre att meinte det var feil å le. For dette var trass alt alvorlege greier. Det var levebrødet deira. Og så var det dei som... vel, vi er litt usikker på kva den tredje protesten var for noko. Eit eller anna om vibratorar nytta for å kolonisere afrika og legar som var i hendene på den diabolske legemiddelindustrien.

Om eg ikkje var forvirra frå før, så vart eg det endeleg då. Heldigvis, så virka det som om resten hadde stor glede av det. Glede av det hadde òg våre vennar i Radioselskapet på NRK P2. Der var eg tidlegare på dagen og gav ein enkel kortversjon av foredraget, til mykje glede. Eg trur dei trengte noko beroligande etter førre vekes kannibalismeutspel.

Du kan høyre alt eg sa i denne podkasten. Kos dykk.

Det neste er vel at VG intervjuar meg, eller kva?

5 kommentarer:

  1. Det var morsomt! :) Vi koste oss og fniste på bakerste rad. Takk for fin underholdning + hyggelig å treffe deg.

    SvarSlett
  2. Neofolk, dild...vibratorer og sushi. Perfekt helg.

    SvarSlett
  3. Mariusgenser: Takk for det. Og det var sjølvsagt hyggeleg å helse på dykk òg.

    Superfritz: Ei minneverdig helg. Ein for krønikane.

    SvarSlett
  4. Han humørløse sytepaven var jo veldig morsom når han klaget over at du var for morsom, da!

    SvarSlett
  5. Eg tar det frykteleg alvorleg at eg er for morosam *sukk* :-P

    SvarSlett