torsdag 14. oktober 2010

Den norske seksualiteten

Korleis vakner eigentleg seksualiteten hjå norske barn og unge? Kva er det som skjer? Korleis og kva tid? Er det ei spesiell hending, eit særleg punkt, i deira utvikling der dette hender? Det korte svaret på det siste spørsmålet er, sjølvsagt, ja.

Etter ein del studier av den særeigne norske seksualiteten kan eg med rimeleg stor tryggleik seie at den sidan 70-talet har vore dominert av eit ganske så spesifikt element i den norske kulturen. Eit fast innslag på fjernsynet. Og nei, det er ikkje Trond Viggo Torgersen sitt program om "Kroppen min".

Nei, her snakkar vi om eit til dels framand kulturprodukt, frå aust, ein del av den stadig påtrengande kommunistiske indoktrineringa av våre barn og unge. Musikalen Rock & Roll Wolf. Der den seksuelle spenninga mellom dei to hovudaktørane, Ulven, Titi Suru, og Geitemora, Rada, er til å ta og kjenne på. Det er ikkje noko tvil om at dei skodespelarane tilbragte pausane i tett omfamning.


Geitemora var kvinna som gav alle dei unge mennene sine første seksuelle kjensler, og gav jentene eit førebilete å sjå opp til. Ulven var han alle jentene ville ha i si seng, og som gutane ville vere, og som dei ønskte, i stille einsame stunder, skulle lære dei opp i kjærleikens kunst. Om ikkje anna var det han, Titi Suru, som kom til å definere det seksuelle idealet for båe jentar og gutar i Noreg frå 70-talet og fram til i dag. Hans kraft er framleis til å ta og føle på, i den norske seksuelle fantasi. Så, nyt dette... her er han att:

Mine damer og herrar, den norske seksualiteten!

4 kommentarer:

  1. Det er muleg du alt veit om det, men eg er viss på at du som forskar vil ha fortsatt stor glede av denne statistikken:

    http://www.google.com/trends?q=%22furry+porn%22

    SvarSlett
  2. Åh, hjelpe meg... vi må berre skrive det opp som eit resultat av den nordiske rases utforskingslyst og ønskje om å læra av verda. Ja. Det er det.

    SvarSlett
  3. Samtidig skal vi ikke glemmme at utforskningslysten noen ganger kan gå for langt. Som med dette møfrøet:

    http://cn1.kaboodle.com/hi/img/2/0/0/c6/1/AAAAAhEvd0QAAAAAAMYZPw.jpg?v=1201500017000

    Hun har alt inntatt positur, ventende på at denne "prinsen" skal komme forbi:

    http://3.bp.blogspot.com/_fnsOmb0Fvog/SiE87u9dKxI/AAAAAAAABcM/khNk2A6cCkw/s400/alan_david_berlin_panda.jpg

    Verre skal det bli. Det ser ut til å være begynnelsen på en trend:


    http://latimesblogs.latimes.com/entertainmentnewsbuzz/images/2008/05/14/jackblackkungfupanda.jpg

    SvarSlett
  4. Å kle seg ut som ein panda er å fetisjisere vår eigen undergang, og kan aldri tolererast. Ein må fordømme slikt ved eit kvart høve.

    SvarSlett