søndag 31. oktober 2010

Hallowe'en, Allehelgens aften, Samhain

Denne helga markerar ein verda over Hallowe'en. Det er den amerikanske versjonen av Allehelgens aften som vert feira, fjern frå sitt katolske opphav, eller keltiske Samhain som framleis vert markert av alternative religiøse grupper. Mykje kan verte sagt om at denne feiringa har slått så grundig an her i landet, og ofte vert det kombinert med sutring over amerikanisering og kommersialisering, noko Øyvind Strømmen tok opp i sin blogg i dag.

Ein har jo sjølvsagt heilt rett i at dette er ein gjennomført amerikansk feiring, og den er hyperkommersialisert. Det er handelsstanden i Noreg som først og framst prøver å selge oss dette. Dei vil selge godteri, kostyme og andre rekvisitta. Helst til born, då dei alltid er ei prima målgruppe for slikt. Det er sjølvsagt nok å vere kritisk til på dette punktet, og eg må ærleg innrømme at eg ikkje delar ut noko godteri uansett kor mykje "knask eller knep" dei gaular utanfor døra mi. Ei bøtte med isvatn er det einaste dei får. Dette har likevel lite med mitt forhold til Halloween å gjere, eg likar berre ikkje altfor mykje skråling på døra, og eg foretrekk den heilnorske tradisjonen med julebukk/nyttårsbukk, og meiner det held med ei slik runde i året. Pick one.

Nei, eg har diverre blitt så skada av å studere rituelle feiringar og anna moro, til at eg aksepterar fint at ting endrar seg, og nye ting slepp til. Folk som sutrar om framandelement i den norske kulturen, anar jo jamt over ikkje kva dei bablar om. Slike framandelement har vi hatt sidan Kvitekrist kom til vår kyst, så kva er det dei er redd for?

La oss heller sjå på kva behov Halloween dekk. Eg har for lenge sidan lagt festinga til side, til fordel for meir kontemplative kvelder på denne dagen, men i mi tid har eg slengt på meg båe det eine og det andre med stor glede. Ja, for då eg var tidleg i tjueåra, så var Halloween eit av årets høgdepunkt. Det var ein fest for unge vaksne, ikkje for barna. Ei feiring av vår kreativitet. Og ein av dei viktigaste årsakene til at feiringa slo så godt an, var det at hausten er frykteleg tom. Våren er full av feiringar av ulikt slag, båe religiøse og sekulære, for born og for vaksne.

Men når hausten kjem, med sine mørke kalde dagar, og med lovnar om vinter i nær framtid, har vi frykteleg lite å feire. Få lyspunkt vi kan hige etter. Ja, vi har jula, og eit par småfeiringar rundt det å sjå fram til, men den virker eviglangt unna (sjølv no då kakemenn og julebrus er i sal frå oktober)... så vi unnar oss sjølv ein fest. Ei barnsleg feiring av livet, i rare kostyme og atferd som elles ville ha vore sanksjonert av samfunnet. Dette er ein god ting, og eg trur vi treng det, og vi forten det. Sjølv no når eg har lagt kostyma på hylla, så ser eg verdien i dette.

Så alle dei som sutrar over amerikanisering, over kommersialisering, kan like godt sette seg ned og ta ein bolle, og heller tenkje på korleis dei kan gjere feiringa til si eiga. For ei feiring treng vi, forma bestem vi sjølv.

Eg feirar utan born på døra, men bøtta parat i tilfelle dei ikkje har lært frå i fjor.

15 kommentarer:

  1. Ja! Jeg synes flere burde sette seg ned og tenke "Vet du hva, det hadde vært litt kult om jeg kunne vært batman i kveld" og sette pris på at vi har omfavna en dag i året hvor du kan det. og om du vil protestere mot handelsstanden så lag drakta di sjølv :D

    SvarSlett
  2. Nemleg, å kjøpe eit kostyme har aldri falt meg inn. Mykje kjekkare å gjere noko sjølv.

    Eller i mitt tilfelle, gå i dei kleda eg alltid gjer, for folk trur eg er utkledd uansett ;-P

    SvarSlett
  3. Eg må innvende at eg mislikar det halloweenfeiringa er vorten til når vaksne folk kler seg ut som noko ikkje-skummelt. Det kan dei da godt få gjera helga kring feittysdag i staden.

    Sjekk kva Aftenposten seier:"Satanister og hekser feirer døden, starten på heksenes år og begynnelsen på den kalde, grusomme vinteren." (Kjelde: wikipedia.no, haha.)

    Med andre ord: Batman OK - Supermann ikkje OK.

    Kvalifiserer dette som syting, forresten? Kan eg få ei bolle no?

    SvarSlett
  4. Du kan få bolle, Holten, ikkje noko problem.

    Men om folk har lyst til å kle seg ut som ikkje-skumle ting, er det knappast noko problem. Folk må vel få lov til å ha det moro slik som dei vil? Du kan kle deg skummelt.

    Vi er nok såpass fjernt frå tradisjonens opphav, at vi står fritt til å definere innhaldet som vi sjølv har lyst.

    Litt som Aftenpoften/Wikipedia tydlegvis gjer.

    SvarSlett
  5. Velge mellom julebukk og halloween. Jeg tror det valget ble tatt for et par tiår siden, for julebukk har jo faktisk dødd ut først, kan det virke som. Slik at halloween fyller et tomrom.

    SvarSlett
  6. Nei, vettuka! Den tradisjonen lev i sitt beste velgåande på Vestlandet. Så det er ikkje noko problem.

    SvarSlett
  7. Men her er det altså nyttårsbukk. Og det er det som er skikkeleg. Og for ungane (mest).

    Så kan vi som aldri blir heilt vaksne få moroa med Halloween.

    SvarSlett
  8. Etter megen sutring over kommersialisering og amerikanisering, innså jeg at Halloween dreier seg om to ting: Godteri og kostyme. I sum: Moro for barn i alle aldre. Så jo, i år ble det Halloween-party for djevel-ungen (hun er ikke det hele tida, men jeg syntes i mitt stille sinn at det var et godt kostyme-valg), gresskarlykt og øye-eple-sjokolade. Neste år blir det enda større!

    Jeg gikk julebukk siste gang i 1977. Etter det har jeg ikke hørt om noen en gang. Tar vi (østlendinger) livet av en skikk, får vi finne oss i at Disney prakker på oss en annen.

    SvarSlett
  9. Er det til vestlandet alle julebukkene har dratt, altså. Jeg vil at de skal komme hjem!

    SvarSlett
  10. 1. Halloween er irsk. Ikke amerikansk. Du kan si at Halloween er en amerikanisert irsk skikk, men du kan ikke si at det er amerikansk, om du vil være presis. Om du vil være helt presis kan du si at det er en amerikanisert blanding av Dia de los Muertos og All Hallow's eve. Europeisk av opphav er det uansett.

    Så det så! :P
    2. Halloween ble ikke innført av handelsstanden. Jeg kan anbefale kapittelet "Hallowiiiin!" av Ane Ohrvik om ritualiseringsprosesser i forbindelse med innføringen av Halloween i Norge i boken Ritualer (redigert av Amundsen, Hodne og Ohrvik. Universitetsforlaget 2006). Om noe så er Handelsstanden ganske langt bakut for utviklingen. Dette er også min personlige erfaring fra å ha jobbet i butikk. Med få unntak er det få butikker som faktisk vet å utnytte høytiden. Standard i Oslo oppfatter også at de ikke klarer å møte etterspørselen. Det er heller snakk om personlig entrepenørskap av spesielt én amerikansk innvandrer.

    SvarSlett
  11. Bad Mynock: Nemleg!

    Anne og Beate: Typisk austlendingar. No har de rota det til for dykk sjølv, og så vil de ha vore ting. FY!

    Thulepule: Gamle ørn. Halloween, slik vi importerar den er amerikansk. Det er kanskje noko av subteksten i mi kulturforståing prestentert her. At urformer kan du berre gløyme å dra fram. Er berre ikkje slik det er. Vi har ikkje importert noko irsk, vi har vorte inspirert av amerikanske seriar og kultur.

    Når det gjeld handelstanden, så har eg lest mykje av det same som du seier. Diverre ikkje Ohrvik sin artikkel, men send meg gjerne eit eksemplar om du vil ;-) Når eg meiner at handelstanden har vore ein aktør, så er det med mi erfaring her vestpå, der butikkane var ute lenge før eg høyrde om barn som gjekk ut på Halloween. Alle døma på at handelstanden var seint ute har vore austpå, i alle fall dei eg har høyrd. Mistenker at det var austlendingar, handelsstanden og så til slutt vestlendingar som byrja med dette. Men det er berre ein hypotese, har diverre ingen data til overs. Men kjempegøy tema.

    SvarSlett
  12. Men så startet det også for voksne ikke for barn... At handelsstanden har vært en aktør er nok sant, men da ikke som entrepenør. Snarere kastet feks Nille seg på etter at det ble klart at det var et marked. Standard i Oslo har lang tradisjon for å selge halloweenstash, men mye fordi folk etterspurte det.

    SvarSlett
  13. Også har jeg bestemt meg for å si at Halloween er like amerikansk som Hitler var tysk. :P

    SvarSlett
  14. Du er kranglefant i dag, Thule? ;-)

    SvarSlett