Det heile er ein besynderleg demonstrasjon av eksentrisk gestikulering, springande tonefall og billige retoriske grep. Det heile sjølvsagt godt pakka inn i ei kreativ historieforståing, manglande begrepsforståing og ufullstendige setningar og poeng.'
For all del: Ho er modig. Frykteleg modig. Eg hadde ikkje våga å stå framfor folk og skrive om verdshistoria etter fri fantasi på det viset. Det heile toppar seg vel med at ho meiner at marxismen stod bak kolonialiseringa av Afrika, og at det var eit syklisk (sic) verdsbilete som var årsaka. Og det heile var sjølvsagt berre nok eit steg i marxismens krig mot hennar kristne verdiar. Ein gigantisk konspirasjon som i dag har all makt i samfunnet.
Utanom hjå dei snille journalistane som stadig vekk lar henne dukke opp i media, og som titulerar henne som religionshistorikar - trass det at ho har ein omgang med vitskaplege begrep som hadde ført til stryk i ex. phil. då eg studerte. Og den raude tråden er ikkje-eksisterande.
Ein spør seg sjølv - kven inviterte henne til å halde dette foredraget hjå Bistandsnemda? Kva gjekk gjennom hovudet deira? Og korleis klarte dei å halde maska då ho byrja å veive med armane, tale med dramatisk stemme og trekke den eine konspirasjonsteorien etter den andre ut av rumpa si?
Kva er det eigentleg vi har med å gjere her? Er dette kjærleiksbornet til Nina Karin Monsen og eit eller anna ugudleg vesen med butoxlepper frå ein dimensjon hinsides vår eigen?
Og kva går eigentleg gjennom hovudet til ein mulla som tar seg tid til å sjå gjennom heile dette foredraget? Vågar du å gjere det same?
Herregud, nei, jeg holdt knapt et minutt.
SvarSlettDet verste av alt er de gangene jeg faktisk var enig med dama. Hun gir meg lyst til å bli ateist...
SvarSlettJeg for min del gikk nå gjennom rubb og stubb for å være helt sikker på ingen kommentar.
SvarSlettSelv om sistnevnte tok en side eller så.
Når Dekodet sier han ikke har noen kommentar blir jeg litt i stuss. Har hørt noen jeg.
SvarSlettJeg holdt i tre minutter tror jeg, sånn omtrent til Napoleon hadde bombet Robespierre, men det var bare fordi jeg hadde lyden LAVT på...
SvarSlett30 sekunder her...
SvarSlettHørte gjennom hele greia mens jeg rettet oppgaver. Interessant...
SvarSlett*hikst*
SvarSlettDet jeg har litt problemer med å forstå er: hvorfor hører noen på denne dama i det hele tatt? Jeg har hatt Barbiedukker med større innsikt enn Herland. MÅ vi virkelig forholde oss til henne?
SvarSlettJeg vil ikke! Jeg har høstferie!! Og nå har to av mine yndlingsbloggere brakt denne linken.
SvarSlettSkjerp dere!! :=O (Märtha eller Snåsamannen hadde vært bedre).
Nå skryter hun på verdidebatt.no!
SvarSlettHva med en fatwah, Oh Mullah!
http://www.verdidebatt.no/debatt/cat1/subcat2/thread78788/
Dei av dykk som berre haldt ut i nokre få minutt er pyser! Pyser høyrer de!
SvarSlettOg vi må høyre på henne, på same vis som vi må sjå på bilulukker. Helst i sakte film.
Verdidebatten er skikkeleg verdifull gitt... men kva slags fatwa skal vi erklære der? Ein må jo tilogmed registrere seg for denslags, og det vil ikkje mullaen!
Men er det reilgiøse lover mot å være full av tøv? På en måte litt selvmotsigende all den tid mye religion jo nettopp er det...
SvarSlettI Islam er vi fullstendig i mot tøv. Det er difor vi ikkje tøvar. Så det så!
SvarSlettØøh, marxistane koloniserte Afrika?
SvarSlettØøh.
Og kvifor var det ingen som sa det under foredraget?
SvarSlett