tysdag 5. oktober 2010

Ikkje noko gryn til mullaen!

Det er skandaløst! Fritt Ord har i dag kunngjort mottakarane av sin bloggstønad, og dette vidløftige tidsskrift er ikkje å finne på lista! Vi har ikkje ord som kan forklare dette! Det er openbart ein feil, ein glipp eller eit overtramp. Eller alt på ein gong! Virrvarr har reagert på at så mykje av pengane har gått til ikkje-eksisterande bloggar, og til folk som ikkje har ei etablert tilstadevering på nettet. Det er ikkje berre-berre å etablere seg i bloggostan, og all verdas pengar kan ikkje hjelpe deg med det. Då er det rart at 2/3 av midlane går til nyetableringar, og helst i journalistars regi. Andre meiner at det stort sett er gjeven pengar til sutreplattformar. Andre att nyttar sine eksisterande plattformar til å sutre; å buhu, fekk de ikkje PK-midlar?

Dette er sjølvssagt vel og bra som kritikk, men det hårreisande er framleis at eg ikkje har fått pengar. EG! Moskeen står utan Fritt Ord finansiering! Er eg verkeleg mindre modig og talentfull enn Nina Karin Monsen som fekk Fritt Ord-prisen i 2008, med ein tilhøyrande sekk med kronasje? Eg føler eg er nøydd å gå i mitt hi. Korleis kunne Fritt Ord sjå vekk i frå dei solide anbefalingane som vårt lille menigheitsblad fekk, og som du kan lese her?

Det heile har jo berre ei forklaring! At Fritt Ord berre vil gje pengar til sosial demokratiets klamme lakeiar, dei som er løpegutar for det etablerte, det politisk korrektes spyttslikkerar! Heilt openbart er mullaen for radikal og banebrytande til at Fritt Ord vil våge å støtte det er slik det er! Men ha! Berre ha det så godt, Fritt Ord! Eg vil ikkje ha pengane dykkar! Eg er i mot utdeling av bloggstønad! Det er ein dårleg og feilslått idè! Veit de kvifor?! For om det var eit bra konsept, så hadde eg fått pengar, vel!

Så det så! Ikkje at eg er snurt, altså! Næhei! Det er det berre Hans Rustad som er!

6 kommentarer:

  1. Kva?! Eg har lese gjennom lista, og lista ligg ikkje høgt. Du får satse på reklameinntekter og produktanbefalingar. Eller kanskje er det noko du kan prostituera for å tjena pengar? Meiningar til dømes?

    SvarSlett
  2. Kanskje fordi du aldri mener noe? Ironiens Mullah.

    Jeg er ironisk.
    Or am I?

    SvarSlett
  3. Svein: Heilt klart! FÅ FÅ FÅ!

    Lisa: Næsj, eg kan då ikkje selje meg? Eller jo, eg kan selje kroppen min, men ikkje sjela mi!

    Batty: Eg meiner så mangt eg! Så det så!

    SvarSlett
  4. hvorfor får eg ikkje noko for alle mine kommentarar på gebrokent norsk da?

    cigaal

    SvarSlett