torsdag 7. oktober 2010

Miiaaaooo

Eg er framleis i kattemodus, sjølv om eg i dag tidleg forlot kattane i andre kapable hender. Ein tar seg gjerne i å sakne dei små rakkarane, og saknar at dei skal hindre meg i å lese i ei bok eller tafse på eit tastatur. Ein får det liksom i blodet. Og då snakkar eg ikkje berre om allergena, allergikar som eg er, men om deira leikande og kjærleiksfulle omgang med ein. Ja, så sitt eg her og sukker, og drøymer meg vekk, og kjem til å tenkje på Rossini si kjende vise, Duo des Chats. Ja, eg har jo blitt tilsendt ein del versjonar av den i det siste, som denne med eit katolsk gutekor, så eg tenkte eg skulle fyre opp ein versjon. Og valet fall på denne...

Ja, kanskje litt urovekkande... kjenslefull? Men mest urovekkande er det vel at dette er gutane frå det same katolske gutekoret. Men ja... la oss ikkje eventuelle fordommar mot den katolske kyrkje farge opplevinga. I det heile tatt. Berre la vere.

No var du flink.

4 kommentarer:

  1. Mjaaa ... au? Jeg er delt mellom en følelse av at noen tuller med meg - som man kan få med katter - og spennende nye veier å gå for den katolske kirke.
    Men det er seint, og Caol Ila er en veldig god whiskey, så jeg tror jeg må sove på det.
    Prrrrrrrrrrrr.... fsssttt!!

    SvarSlett
  2. Kaptein Sinnsfrisk8. oktober 2010 kl. 05:05

    Kapteinen skjøner ikkje korleis ungdomen kan ha problemer med slik ei framføring av eit klassisk puseverk. To unge pusemænd som puser seg mot kvarandre er vakkert, om enn litt annleis.
    "teen boys in cat suits" er derimot ei god grunn til å stusse litt.

    SvarSlett
  3. @sjanten: Må vi vaske ditt skitne homoerotiske sinn no? Er vel eit resultat av litt mykje tid tilbragt med andre menn i bunkers og skyttergrav?

    @Svein: Meeeow... you can haz whiskey! Caol Ila er absolutt velsigna drikkevarer. Særleg cask strength.

    @kapteinen: Så klart! Akkurat! Ingenting er vel unaturleg ved at unge menn puser litt med kvarandre?

    SvarSlett