laurdag 16. oktober 2010

Pandamoniums kjøterar

Pandakreka førebur ein omfattande utryddingskrig mot menneskeheita, og skyr ingen midlar for å oppnå totalt herredøme over jordkloden og det som vil vere restane av vår sivilisasjon. Dette har vi avdekt på gong på gong, og dei er ikkje framand for å drive genetisk manipulering av ulikt slag. Anten det no er å framdyrke amfibiske(?) drapspandaar eller sterke panda-elefanthybridar, så er dette midlar dei ser på som rettvise og naudsynte i deira pågåande kamp mot oss.

Vi må stille oss spørsmålet om ikkje det er på tide at vi tar i bruk same midlar, i møte med pandahybridar som dette:
Pandagatorar latar seg i sola, og ventar på å verte fora med menneskekjøt.
Når tida kjem for Pandamonium, pandaanes blodige terrorregime vil vi ikkje berre verte overvaka av ekorn, men dei planlegg å la oss verte haldt i sjakk av pandakommandoar, såvel som genmodifiserte vakthunder. Pandamoniums kjøtarpatruljar! Desse vart avslørt, ved eit uhell, i ein artikkel hjå Daily Mail! Berre sjå på korleis dei leiar sine menneskeslavar rundtomkring!
Menneskeslaver tvungen til å eskortere sine herrar.
Slik skal vi alle verte dreserte! Vi skal lære oss å lyde pandaenes minste vink, sjølv pandahybridar som desse pandakjøterane vil stå over oss på rangstigen. Vi skal slave, medan dei boltrar seg i luksus og "harmoni"!
Pandakjøterar i fri utfalding
For dei vil kloda verte eit paradis, men for oss eit helvete. Dei få av oss som har fått overleve det globale folkemordet, skal verte kua av Pandamonium. Vi må lystre. For vi lev under stadig trugsel av blodtørstige pandakjøterar.
Ein brutal vaktbikkje held auge med sin slave.

Dette kan vi ikkje akseptere, vi må gjere motstand. Og eg vonar at ærerike medlemmar av hunderasen, som min venn Lord Bassington-Bassington, ser behovet for å gjere motstand mot dette forsøket på å besudle hunderasens genmaterial! Dette, mine damar og herrar, er alarm! Motstandsrørsla står klar, og vi treng deg! Du må ta til våpen og forsvare din heim, forsvare ditt folk og forsvare di verd - elles vil eg ikkje gje to bambusskot for vår skjebne.

5 kommentarer:

  1. Ja, selvfølgelig! Opp til kamp mot pandamonium! Tricolor, ikke bicolor! Det svarte, brune og hvite mot det svarte og hvite!

    SvarSlett
  2. Godt å se at Mullahen stadig er på vakt! (Vi har vært litt bekymret et par-tre innlegg om han har slakket på vakta mot den største faren).
    Gutta holder seg i form og øynene åpne på hver sin kant, og kan mobiliseres hvis det trengs, Oh Mullah!

    SvarSlett
  3. Som godkjent røkter og fôrdyrker vet jeg at jeg klarer meg uansett. Noen må jo de svarthvite hårballene ha til å dyrke fiskestanggraset sitt.
    Spørsmålet er heller om jeg skal være nedtrykt for resten av menneskehetens sjebne? Etter å ha lest om Mullaens bitre og desperate kamp blir jeg jo like trist som Melon Collie, men etter en liten titt på Nyhetsspeilet kan jeg ikke tenke annet enn det gode gamle engelske uttrykket "Good riddance".

    SvarSlett
  4. Lord Basse: Godt å høyre at du støttar oss i kampen mot alt som er usseleg!

    Konrad: Det seier eg òg! Pokkers pandasvin!

    Svein: Vi lukkar aldri auga for denne faren!

    KEE: Det er prinsippet som tel, menneskeheita er kanskje røten, men den er ti gonger betre enn pandaane. Og trur du ikkje Pandamonium står bak fordumminga av vår rase?

    SvarSlett