onsdag 6. oktober 2010

Tilståing frå ein kattepassar

Den siste veka har mullaen først og framst vore opptatt med å passe kattepusar. Eg er frykteleg glad i kattepusar, og reknar dei stort sett overlegne menneske. Dette er ein tanke som har vorte særs forsterka i det siste, og kattanes selskap har stort sett vore å foretrekke framfor andres. Dei er no så gode og snille, og kosar på ein mulla heile tida. Så får det heller vere at han ikkje får gjort alt han skal fordi ein feit hårball legg seg oppå tastaturet, eller armen han skriv med. Slik er det berre, kattar er elskverdige, og forlangar å verte elska... diverre er dette særs forlokkande og altoppslukande selskap, og ein vert lett forført av tanken på å ville tilbringe heile livet med dei...

Og når eg tenkjer etter så... hadde det vore så dumt? Er det eigentleg ikkje det beste alternativet? Eg ville jo ikkje vore den einaste som gjorde det...

Kan ein få kjøpt hijab til kattar forresten? Og er det homofili om eg vel å tilbringe livet mitt med ein hankatt? Kva med to? Er det polygami?

5 kommentarer:

  1. http://cheezburger.com/Asset/View/?ciid=2088733

    SvarSlett
  2. Miiiiaaauuu!
    http://www.youtube.com/watch?v=b0hwPKY0e90

    SvarSlett
  3. Stakkars pus, håper ikke galningen fant det for godt å fullbyrde ekteskapet. Hvordan kunne de forresten vite at katten samtykket?

    SvarSlett
  4. Forsiktig nå. Du vet at det sikreste tegnet på tilstanden Loco er et kronisk utbrudd av katter.

    SvarSlett
  5. Undre: YES! YES! YES!

    Svein: Aye aye, vi er kjend med den fine songen, og innspelinga av den. Vakker er berre forbokstaven. Meeeooow.

    Kristine: Du er så fordomsfull og intolerant! Typiksk sånn derre veggis som deg! Katten samtykka fordi han elska sin sambuar, det kan jo alle forstå!

    KEE: Kattar er heilage dyr! HEILAGE! MEOW!

    Og så skjønne!

    Loco kan du sjølv vere!

    *snurt*

    SvarSlett