måndag 1. november 2010

Det store plakatmysteriet

Vi lev i ei merkeleg verd, der snodige ting skjer båe titt og ofte. Ikkje minst er dette sant i korridoren der eg jobber til dagleg, smekkfull som den er av kunsthistorikerar og estetikerar. Her er ikkje ein dag lik på den andre. Her ein måndags morgon er eit godt prov på det. To av mine kollegaer kom på jobb, og fann at deira kontor hadde hatt gjester i løpet av helga. Uinviterte gjester som såg på det som si plikt å dekorere litt. Det som møtte dei var ein plakat av dei to i lag med sitt store førebilete, deira mentor og rettleiar. Og med denne plakaten var det duka for det store plakatmysteriet:

Kven hadde hengt opp denne plakaten? Kven hadde laga den?

Det var tunge avhøyr. Sjølv mullaen vart slept inn for å svare for seg, men han hadde sjølvsagt veldig lite å røpe. Uskuldsrein som han er. Til slutt var det ein genistrek som gjorde at eit av ofra for denne kunstterroren fann ut kven som stod bak ugjerninga. Ein teipbit var det som skulle til.

Han såg at plakaten var hengt opp med ein teip som var breidare enn den han sjølv hadde. Og den han hadde var den same som alle andre hadde, så sant dei hadde henta den på rekvisittarommet i seinare tid. Etter å ha målt opp litt, peikte det seg ut eit mistenkt opphav for teipbiten. Og korleis prove det, jo ved å rive av ein bit av teipen på plakaten, snike seg inn på den mistenkte sitt kontor og samanlikna.

Den passa perfekt. Og den skuldige var hekta... men eg kan ikkje røpe kven det var, for om ikkje ville det ikkje lenger vore eit plakatmysterie?

Er det fleire som har lyst på denne eller andre plakatar? Vi trykker og printer ut i nær framtid. Perfekte julegåver!

6 kommentarer:

  1. Mullah da! Jeg må visst be gutta holde bedre øye meg deg.

    SvarSlett
  2. The shoes! The shoes! And the beautiful socks. Jeg ler enda. Det er vakre tider der i tredje.

    SvarSlett
  3. Svein: Meeeg? Eg er heilt skuldfri!

    ZeLittleOne: Oh the shoes!

    SvarSlett
  4. Da må jeg be gutta holde enda bedre øye med deg! Og så må jeg visst sjekke hvem av dem som har en viss plakat akkurat nå. :=0

    SvarSlett
  5. Jeg skal ha. Dette vet du :>

    SvarSlett
  6. Of course. Og den nye plakaten er no ferdigdesignet, no attstår berre trykk og å skaffe noko å sende dei i.

    SvarSlett