fredag 12. november 2010

Engelsk er ikkje alltid like lett

Vi nordmenn likar å tru at vi er frykteleg gode i engelsk, og fleire av oss er eigentleg det. Tilogmed samanlikna med nokre av dei som skal ha det som morsmål, men særleg om ein skal samanlikne med ein del andre europearar der ute. Som til dømes franskmenn. Franskmenn har ein openbar aversjon mot å lære seg engelsk, så sjølv når dei endeleg bestemmer seg for å ta det i bruk, og opprette internasjonale plattformar for selskapet sitt så kan det gå gale.

Sei at du lagar og distribuerar dataspel. Sei at du er ein av dei allar største aktørane på marknaden. Sei at du vil utnytte den posisjon og lage ei side dedikert til dei spela du eig rettane til, og som gjev spelarar høve til å halde oversikt over framgangen sin og laste ned eksklusivt material til spela sine... så tyder det ikkje at du ikkje skal lese korrektur på sidene.

Eller er tallerkenformer eit nytt spelomgrep eg ikkje har fått med meg? Takk UbiSoft. Uplay er kult det, men...

4 kommentarer:

  1. Det er sjølvsagt tale om skjema for bruk av rustning! Sikkert ei Rolemasterreferanse inni der ein stad også...

    SvarSlett
  2. Sjølvsagt! At eg ikkje tenkte på det!

    SvarSlett
  3. *snufs* Rolemaster. Fiiine minnene. :)

    SvarSlett
  4. Jah.

    Det fine er at båe eg og Bjørn har jobba for ICE utan at bøkene våre gjekk i trykken... dei tok kontakt for litt sidan og ville prøve å trykke på ny, og så fekk dei problem att. *stønn*

    SvarSlett