tysdag 9. november 2010

Humanistisk nazisex

Dagens anbefaling er ein artikkel frå Humanist 3/2010 som vart lagt ut på framsida av www.humanist.no i dag, truleg for å markere Krystallnatta på tvilsomt vis. For temaet er naturlegvis nazisex. Det vil seie seksualpolitikken i Det tredje riket, og litt om privatlivet til Doffen og vennane hans. Og det heile i form av ei bokomtale av Sex under Hitler. Seksualitet og rasehygiene i Det tredje riket. som kom ut på Samlaget tidlegare i år. Dette er ei velskreven bok, men eg må nesten ta eit oppgjer med deg meiner er totalt manglande nyansar. Om det er kunnskapsmangel, eller ein intenst ønske om å svartmale nazismen på alle moglege vis er vanskeleg å seie, men det er eit frykteleg skeivt bilete av den nazistiske seksualiteten som vert presentert her.


Den største syndebukken er kanskje kapittelet om homofili i Det tredje riket, som gjer sitt beste for å ignorere bidraga homofile hadde til nazismen, og til nazistars kamp for homofile rettar. Homofile vart sjølvsagt forfølgd etter 1934, men her må ein, enkelt og greit, sjå nyansane. Og få fram at nazismen ikkje var einsretta og av ei meining i dette spørsmålet. Særleg ikkje i tida fram til Himmler festa sitt grep på rettsapparatet. Og ein må vere varsam med å overdrive forfølgjinga, når vi veit at antalet homofile i leirane var mindre enn antalet frimurerar - sistnemnte var offisielle fiendar av nasjonalsosialismen frå dag ein.


Og det er kanskje ikkje lurt å framheve som døme på andres toleranse for homofile, menneske som etter krigen vart forfølgd og i praksis drept for det same. I det minste innrømmar forfattarinna at lova mot homofili stod uendra fram til 60-talet, og det burde vel illustrere at anti-homofilpolitikk ikkje er noko som er eit naudsynt særpreg ved nazismen og kanskje hadde sitt opphav ein annan stad?


Uansett kan de lese "Unyansert om nazisex" her, og så kan de etterpå springe og debattere spørsmåla som vert tatt opp hjå den Tvilsomme Humanist.


Og om du likte det? Kva med å ta opp eit abonnement på Humanist? I tidsskriftform får du haugevis av slike artiklar fire gonger i året. Høgt anbefalt.

10 kommentarer:

  1. Tittelen gjør meg nysgjerrig: Fantes det både humanistisk nazisex og kristen nazisex?

    SvarSlett
  2. Nietzsche-sex i neste nummer?

    SvarSlett
  3. Det er vel h.e.l.t tilfeldig at originaltittelen "Vi bestemmer over seksuallivet" (eller noe sånn) er blitt til "Sex under Hitler"?

    SvarSlett
  4. @Svein: Sjølvsagt er det forskjell på kristen og humanistisk nazisex. No spør du frykteleg dumt. Nietzsche-sex? Ikkje i neste nummer, det trur eg går i trykken straks, men nummeret etter der? Kjem an på kva som skjer framover i moskeen :-P

    @annelandet: Heilt tilfeldig er det neppe. Samlaget ville nok selge bok ved hjelp av Doffen.

    SvarSlett
  5. Jeg spurte vel i grunnen om det fantes, ikke om det var forskjell? Eller... jo, ok.
    Ellers er juleforberedelsene i moskeen godt i gang?

    SvarSlett
  6. Juleførebuingar? Det er Id i morgon for pokker! Kan ikkje tenkje på jul då!

    Og sjølvsagt fantes det båe kristen og humanistisk nazisex. Det er eit spørsmål om posisjon og innleving.

    SvarSlett
  7. Hei, eg har lese meg litt opp på temaet i det siste, og kan vera samd med deg i at boka er noko unyansert på dette punktet. Førestellingane om eit "gay holocaust" eller "homocaust" har vore ganske overdrive, noko særleg den amerikanske homorørsla bidrog til på 1970-talet. Ein har operert med for høge tal og ein har i for liten grad sett på særpreget ved nazistane si forfølging av homoseksuelle.

    I det tyske keisarriket fanst det ein straffeparagraf mot sex mellom menn (§ 175) som ikkje blei veldig ofte brukt, men som absolutt var ein reell straffetrugsel. Den første homorørsla i verda oppsto i Tyskland på slutten av 1800-talet, og den fekk stor støtte for avkriminalisering blant intellektuelle (m.a. Bjørnstjerne Bjørnson) og politikarar på venstresida (m.a. SPD-føraren August Bebel). Til sjuande og sist kom det ikkje til noko endring av paragrafen, heller ikkje under Weimar-republikken. Medan eit parti som SPD var kjent for å støtta ei fjerning av § 175, var NSDAP negativ til dette, men partiet blei neppe oppfatta som meir homofobt enn dei andre partia på høgresida. Hitler uttalte seg ikkje om temaet før etter likvideringa av Röhm i 1934, og det faktumet at sistnemnde fekk behalda posisjonen sin trass i at det var allment kjent at han var homoseksuell gjorde nok sitt til at NSDAP ikkje blei oppfatta som eintydig homofiendtleg. At nazi-partiet og SA hadde appell til enkelte homofile menn, særleg før 1934, er det ingen tvil om.

    Det er vel heller ingen tvil om at enkelte homofile menn (og lesbiske kvinner) hadde posisjonar i nazi-Tyskland også etter 1934. Samtidig blei politikken skjerpa inn på mange måtar, m.a. blei § 175 skjerpa i 1935, og talet på fengsla og dømte steig radikalt (frå under 1000 i året på 1920-talet) til 8-9000 i året på slutten av 30-talet. Enkelte hamna også i konsentrasjonsleir, her opererer ein med tal mellom 5- og 15 000. Den homoseksuelle subkulturen og organisasjonslivet forsvann dessutan ganske raskt etter at Hitler kom til makta i 1933.

    Det er altså snakk om ei radikal innskjerping, og den mest intense forfølginga av homoseksuelle menn i moderne vest-europeisk historie, men ingen "utryddingspolitikk". Når det gjeld systematikk/konsekvens er det også ei ganske anna sak enn jødeforfølgingane.

    Det eg har lese av nyare forsking om dette temaet (Rüdiger Lautmann, Günter Grau m. fl.) er relativt nyanserte, og tar t.d. avstand frå å bruka omgrepet Holocaust om homoforfølgingane.

    Det einaste eg stiller meg tvilande til av det du skriv er at nazistar bidrog substansielt til kampen for homofiles rettar.
    Runar

    SvarSlett
  8. Eg trur ikkje vi er ueinige om så mykje av dette, Runar (og eg skulle likt å sjå deg skrive noko om dette sjølv, ta kontakt så finn vi stad å publisere). Kva gjeld "nazistanes substansielle bidrag" ville eg nok stilt meg tvilande sjølv. Bidragsdelen altså, innsatsa var der delar av 20-talet. Og dei ville oppheve forbodet... men det heile vart brått så upopulært.

    SvarSlett
  9. Eg har alt publisert ei lita sak i ein smalare tysk publikasjon ("Mitteilungen der Magnus Hirschfeld Gesellschaft") der eg presenterer kjelder eg har funne der Reichskommisariatet v/Hans Reinhard Koch samt Jonas Lie foreslo innskjerping av lovverket og/eller praksisen på dette feltet i Norge. At desse framlegga rann ut i sanden seier vel noko om at dei ikkje var av høgste prioritet. Jobbar med ein litt breiare anlagt artikkel på engelsk om det same.

    Runar J.

    SvarSlett
  10. Min tysk er rimeleg rusten for tida, men skal sjå om eg klarar å spore opp artikkelen. Uansett vil eg veldig gjerne lese den engelske artikkelen når den er ferdig, høyres ut som du sitt på veldig interessant data.

    SvarSlett