tysdag 30. november 2010

Kosedrakter

Som pesten brer kosedraktene om seg. Onepiece, snuggies og gudane kva anna du vil kalle dei, dei er ein skamplett på menneskeheita. På lik linje med joggebuksa er kosedrakta eit perverst signal du sender til dine omgjevnadar om at du bryr deg om intet anna enn din eigen komfort. Ved å føre på deg eit av desse kostyma erklærar du for omverda at ikkje bryr deg om forpliktingar eller andre sitt syn på deg. Du bryr deg berre om å ha det mjukt. Du bryr deg berre om å kose deg. Om å boltre deg i ditt eiga lille univers. Kvifor vise respekt for andre, når du er den einaste som eksisterar? Du er som eit lite barn.

Dette er noko av det styggaste teiknet som finnes på vår siviliasjon sitt totale kollaps. Vestens murer ramlar ned rundt oss med eit brak, og vi ruller rundt i rosa og lyseblå kosedrakter og snakkar babyspråk til tomme lufta, og sender ut meiningslause SMSar til ei kvar tom sjel som vil motta. Kvifor?! Kvar kjem dette frå!? Eg vil ikkje spekulere... eg bør ikkje spekulere... og ikkje på noko som helst vis ønskjer eg å nytte dette som eit prov på at det finnes ein ultimat ondskap i dette universet. Sjølv om det kanskje er eit indisium.



Og ikkje kom her og skuld på jødane. Det vert for opplagt... vert det ikkje?

7 kommentarer:

  1. Hey, jeg ble jo overbevist av deg at jeg må ha slips til fjøsdressen. Nå river jeg i med separat bukse og jakke også (grønndressen forebeholdes besøkende). Når all kultur er dyrken, så må jeg jo gå foran med et godt eksempel. Blir det flere av oss er det fortsatt håp for menneskeheten. I alle fall vil vi se ordentlig stilige ut når vi blir spist.
    Hilsen BondeKim.

    SvarSlett
  2. Jeg tviler ikke et øyeblikk på at du har kosedress innerst i skapet. Det er sikkert svart og hvitstripete med gul stjerne også - psyke menneske.

    SvarSlett
  3. KEE: Veldig fint å høyre! Det er bra å høyre at misjoneringa når fram!

    Svein: Eg vil ikkje leggje skulda på Pandamonium før eg ser Pandakosedrakter... men då... då er det faen meg nok!

    Skogull: Dine seksuelle fantasiar om meg er sjarmerande, men eg er ikkje sikker på at du bør fortelje alle om dei...

    SvarSlett
  4. Sorry, Oh Mullah, men de er nok et steg foran deg der:
    https://barleyandbirch.com/shop/panda-onepiece/

    SvarSlett
  5. Det der er berre heilt jævleg, Svein! La oss brannbombe opphavet!

    SvarSlett
  6. En av gutta tok den siste kommentaren din bokstavelig, Oh Mullah, men vi fikk tilbakekalt ham.
    Alltid beredt!

    SvarSlett