måndag 15. november 2010

Om George Lucas og kannibalisme

Det er ikkje ofte ein snakkar om kannibalisme og George Lucas i same slengen, og ein må vel rekne det som litt av eit vågestykke. Og eg må ærleg talt innrømme at det ikkje er min plan heller, min plan var eit lite samleinnlegg om eit par radioopptredener i det siste, men så viste det seg at ikkje alt var å finne på nett. Då først og framst opptak frå Studentradioen i Bergen sin radiokafè på BIFF, den 27. oktober. Her var eg altså ikkje for å snakke om kannibalisme, eller vibratorar, men om sjefsewoken George Lucas, i samband med "The People vs. George Lucas" ein dokumentar som utforskar det turbulente og anstrengte forholdet mellom skaparen av Star Wars og Indiana Jones og hans mange tilhengjarar. Dette var ein særs underhaldande dokumentar, som tok for seg dei tre stadiane frå forguding då han først dukka opp som filmskapar og produsent, til stor forundring og vantru då han "fiksa" på dei originale filmane, og, til slutt, vassekte hat då han lanserte sin nye trilogi og ein fjerde Indiana Jones film. Eit fenomen som vi kanskje bør utforske ved seinare høve, og då òg ta opp det som er der underliggjande spørsmålet denne dokumentaren still: Kven eig kulturindustriens populære produkt? Kven eig populærkulturen? Har George Lucas lov til å gjere drastiske endringar på eit kulturprodukt som den amerikanske kongressen har vedtatt er ein del av den nasjonale kulturarven? Har han rett til å gjere som han vil med eit univers som publikum har pusta og anda dei siste tredve åra? Det er ikkje eit så enkelt spørsmål som ein først vil ha det til, og eg kan nok drøfte det lenge. Mykje lengre enn det eg gjorde i den radiosendinga... likevel er det store spørsmålet: Kvifor har ikkje Studentradioen lagt dette ut? Alt eg fann var 1 sekund med bilete av meg hjå Bergen Student TV, og eg veit korleis dette skuffar dykk. Send klagebrev!

I dag kunne avisene melde (ingen nettaviser?!) om ein svensk 32-åring som vart litt nyfiken på kva menneskekjøt smakte. Smattande kasta han eit blikk mot sambuaren sin, og kvessa kniven. Kort stund etterpå kunne han ivrig ringe onkel Politi og fortelje han at hadde endeleg fått tilfredsstilt sin svolt, og at sambuaren var fortært. Eller noko slikt, eg les ikkje papiraviser, men vi kan sjå for oss at det var circa slik. I samband med dette ville sjølvsagt ungdommane i Banden på P3 gjerne køyre ei sak om kannibalisme. Og då var dei gjerne heldige med at dei allereie i førre veke hadde meg i studio og gjorde opptak... eller heldige? Eg anar at dei kanskje hadde forutsett kva som kom til å skje... kanskje hadde dei ein finger med i spelet? Det heile er rimeleg mystisk, og eg vonar myndigheitane ser sitt snitt til å etterforske Banden. Hallo?! Dei heiter Banden, det seier vel alt!? Og dei spelte av nokre av dei merkelegaste opptaka nokonsinne gjort med meg. Kven er interessert i å høyre meg bla i papir? Er det deg, kanskje? Du kan i alle fall høyre det her etter litt fjasing, ca. 2 minutt inn i sendinga.

Kannibalisme, generelt, har vi allereie snakka litt om, så det tar vi ikkje no, men tanken slo meg at eg er førebudd på å skrive ei bok om det om nokon vil finansiere det?

Uansett kjem det visstnok meir i morgon. Vi er frykteleg nyfikne på kva dei presenterar då.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar