onsdag 17. november 2010

Realistisk kannibalisme?

Kjend kulinarisk geni som viser siste mote frå Paris.
Eg skal snart halde kjeft om kannibalisme, tre dagar på rad er kanskje litt vel mykje? Men Banden på P3 slepp verkeleg ikkje tak i saka, så i dag var tida komen til spørsmålet om kva ein ikkje skal ete, og de kan de høyre her, ca 42 minutt inn i opptaket. Og kva skal ein eigentleg ikkje ete? Tradisjonelt sett, om ein skal vere litt pedantisk, så skal ein ikkje ete naboar, vennar, fiendar og... vel... menneske. Vår kultur er strengt tatt skeptisk til å gumle i seg folk i hytt og pine. Det er simpelthen uhøfleg og usivilisert. På den andre sida, hadde ein på Papa Ny Guinea ein tradisjon for å ete døde familiemedlemmar, og slik ta dei opp att i seg og vidareføre dei. Problemet med dette er at det førar til Kuru, ein sjukdom ikkje så ulik Creutsfeld-Jacob. Altså kugalskap. Og om ein skal tru filmane, så er det jo ein viss sjanse for at Hannibal "the Cannibal" Lecter kan slite litt med helsa - noko dei valte å gripe fatt i på P3.

Men for all del, alt kan jo skyllast ned med Chianti.

Det får meg til å tenkje på dei mange kannibalskildringane ein finn på film. Den mest omstridte av desse er sjølvsagt Cannibal Holocaust, som det nyleg var ein del oppstyr om i Oslo då regissøren vitja tettstaden. Denne italienske perla frå 1980, er den essensielle falske dokumentaren om grusome hendingar. Som for nokre år sidan hamna i skuggen av ikkje fullt så brutale Blair Witch Project. Då sistnemnte kom vart det mykje ståhei, fordi den liksom "lata som den var ekte", dog ingen verkeleg trudde det, og det var openbart ein film mynta på ungdom. Til sjuande og sist var Blair Witch Project ca like truverdig som den nye norske dokumentaren - Trolljegeren, med Otto Jespersen i tittelrolla. Forøvrig ein heidundrandes og fabelaktig film som mullaen absolutt anbefalar. Og Trolljegeren vert stort sett møtt med tommelen opp og fantastiske omtaler.

Då Cannibal Holocaust kom, vart det rettssak mot produsentane. Og for å prove at det heile faktisk ikkje var ein dokumentar, måtte skodespelerane vitne og vise at dei framleis var i live. Det kallar eg ein falsk dokumentar. Sjølv meiner eg at kannibalismen i filmen var så-som-så, medan valdtektane var det som verkeleg var det ubehagjelege å vere vitne til. Dog ikkje så ukomfortabelt som det var med liksom-oppfølgjerar og dårlege kopiar. Ved Profetens skjegg, det er mykje dårlege forsøk på å kopiere formelen til Cannibal Holocaust, den mest sjokkerande av alle er kanskje Porno Holocaust der... eller vent. Eg vil strengt tatt ikkje fortelje nokon om Porno Holocaust. Eg vil ikkje måtte svare på om eg har sett den eller ikkje.

Den verste oppfølgjaren til Cannibal Holocaust kan likevel vere den moderne nyinnspelinga av same regissør. Har verkeleg den filmen noko å by på, når den ikkje lenger vert oppfatta som "realistisk"?

Nok kannibalisme for ei stund no. Vi er mette.
Medmindre nokon vil betale meg for å skrive bok, altså? Nokon?

3 kommentarer:

  1. Jeg har aldri helt skjønt den derre maska til Hannibal, spesielt de derre ståltrådene over mathullet. Kan folkloristen forklare?

    SvarSlett
  2. Nei, eg trudde det var eit moteriktig vis i å hindre han å tygge av øyret til folk, men eg skal forhøyre meg med Hannibal-eksperten, den mystiske kvinna MOMBADAH ;-)

    SvarSlett
  3. Jeg fant, jeg fant! Hva skulle vi gjort uten all denne nyttige kunnskap på internett?
    http://www.edcubberly.com/hannibal.html

    SvarSlett