torsdag 9. desember 2010

Årets julegåve er tilgjengeleg

Ei julegåve til din næraste vennar og familie? Ei gåve til deg sjølv? Om du ikkje heng til vanleg på fansida, så har du kanskje ikkje fått med deg at denne vakre plakaten no er til sals!
Den kjem i A3, på fint glansa papir og har den spesielle juleprisen på NOK 50,- pluss frakt. Om du bur i Bergen vert det difor frykteleg billig å berre snike deg innom moskeen med ein seddel. For dei som skal ha frakt, så prøver vi å få ordna det så snart som råd. Problemet er å finne slike hendige rør som ein kan sende plakatar i. Forslag, folkens?

Uansett, for å tinge deg eit eksemplar, og det vil du jo, så sender du ein mail til hastur @ start.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar