torsdag 2. desember 2010

Biologisk krigføring og attentat

Imitasjon, seier dei, er den største form for smiger, men den største merksemd du kan få er nok eit attentatforsøk. Få vil hevde å prøve å imitere mullaen, men drapsforsøk må eg lide med stadig vekk. Anten det no er å køyre meg ned på open gate eller utsette meg for makabert dårleg popmusikk som får hjerneceller til å begå kollektiv sjølvmord, så slår det feil. Eg held stand. Eg gjer motstand. Eg er for all del smigra av fiendens kular og krutt, men eg gjev ikkje etter.

Der Putin har gjort det stort med radioaktiv gidt, er andre meir kreative med biologiske komponentar. Virus og bakteriar som eg til stadig vert bombardert med av agentar sendt av mine fiendar. I sitt siste forsøk på å ta rotta på meg, teppebomba dei heile min klan med bakteriar, i von om at det skulle vere nok. Ein etter ein kollapsa dei, dei køyredyktige først. Desperat såg eg meg rundt etter ein fluktveg heile søndagen, men det var inga hjelp å få. Alt såg mørkt ut. Eg skulle ikkje sleppe unna... men så! Ein kjapp transport vekk frå det verste området, og frå der kunne eg komme meg vidare til siviliasasjonen. Eg etterlot meg ein handfull friske menneske, og tenkte meg fri frå helvetet.

Inntil natta kom. Bakteriane hadde fått meg og. Ein kjapp telefon om morgonen kunne avsløre at dei få resterande klanmedlemmane hadde strøke med òg. Vi var alle nede for telling. Og det såg ut til å vere slutten på oss alle.

Men vi er bygd av sterke saker, og velsigna med ei sak å kjempe for. Så imunforsvaret vårt sigra til slutt, og ut av våre respektive sottesenger steig vi. Klar til kamp att, endeleg!

Og vi ser oss om etter syndebukk. Kven skal vi skulde på? Korleis kunne eit enkelt barneselskap føre til denne katastrofa? Mitt blikk fall augneblinkeleg på det nyaste medlemmet av klanen...

Sjølvsagt. Den ferske rekrutten. Kan nykomlingen vere planta av våre fiendar? Har Pandamonium byrja å rekruttere born? Frå no av skal eg trø varsamt rundt dei små, og halde eit godt auge med dei. For om dei kvitsvarte svina har vendt dei mot oss, står vi overfor ein verre kamp enn eg trudde. Stol aldri på dei unge!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar