onsdag 22. desember 2010

Ei julehelsing frå Kim Larsen

Tikk-takk, tikk-takk. Jula er straks her, og nervene er tynnslitte. Borna ventar på gåver, og vaksne prøver å få alt i stand. Mullaen prøver å grave seg ei snøhole han kan gøyme seg i til det heile er over. Med seg i denne snøhola vil han ha litt fin, stemningsfull musikk som passar høgtida. I den samanheng har Lord Bassington-Bassington gjort mullaen merksam på at deira felles venn, den danske trubaduren Kim Larsen i år har spelt inn ei lita julevise tilgjengeleg på vinyl. Til denne er det laga ei framragande musikkvideo, som fangar stemninga til båe låta og julefeiringa generelt. Her er det berre å skru ut lyspærene og fyre opp nokre stearinlys og lene seg attende med kakene.


Slik? Klar for å trøystespise? Det er det julekaker er til for.

For dei som ikkje visste det, så har Danmark to trubadurar med namn Kim Larsen, beggje syslar med visesong og øldrikking, men berre ein av dei er frykteleg glad i Fleksnes og er frontmannen i Of the Wand & The Moon. Med seg på dette opptaket har han lurt med seg the Black Algiz Tabernacle Choir og ein handfull andre musikerar.


Så, no er det ut å spa opp siste delen av denne snøhola.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar