måndag 13. desember 2010

Fienden er svart og kvit, ikkje gul!

I forbinding med årets nobelprisutdeling har det vore mykje prat om kina, dette lille gule landet styrt av frafalne maoistar som har omfamna autoritær statskapitalisme (litt som å gå frå å denge kona, til å denge kona OG barnet det). Kina er rekna som våre ideologiske fiendar, fordi dei seier jo sjølv at dei er kommunistar, og så har dei ein stygg tendens til å behandle innbyggjarane sine med litt mindre høfleg atferd enn det vi forventar oss heromkring. Samstundes er dei ein viktig handelspartnar, og vi kjøper villig billige produktar produsert av kinesiske slavar. Er frykteleg vanskeleg dette, må ein forstå, og difor var det kontroversielt å gje fredsprisen til ein kinesisk dissident, Liu Xiobo.

I ein kommentar i Dagbladet avslørar Inger Bentzrud det stygge sanninga om Kinas regime. Ho kan ikkje seie det heilt ut, for då ville aldri artikkelen ha komen på trykk. Kina... er styrt av Pandamonium. Pandaen er symbolet på det kinesiske diplomatiet seier ho, og no flekker villdyret sine tenner mot oss. Det kinesiske Pandamonium har brukt press på små land i heile verda for å få dei til å delta i boikotten av nobelprisutdelinga - ikkje pokker om ein av Pandamoniums motstandarar skal få ei slik ære? Ein etter ein gjev dei etter for den knurrande diplomatien til pandajævlane.

Det er på tide vi vert klar over at vår fiende ikkje er liten og gul, men feit, svart og kvit. Pandamonium er den sanne trugsel, og i Kina er den jamne innbyggjar slave for deira perverse lyster. Dei same perverse lystene som seier at dei sjølv ikkje treng å ha sex, men skal la menneske sørge for at dei aukar i antal, gjer òg at dei nekter å ta seg bryet med å ta vare på sine barn. Resultatet er at no skal òg det kinesiske folket ta på seg forsørgerrolla på det mest vulgære tenkjelege vis.

Ja, for no har altså Pandamonium hjernevaska kinesiske forskerar til å ikle seg rolla som pandaforeldra, totalt. I ein sjuk demonstrasjon av cosplay har kinesarar no byrja å kle seg ut som pandaar når dei tener pandaborna.

Og når det steget er tatt, er det ikkje lange vegen til at dei tar i bruk same metodane overfor små gule barn for å tilvenne dei at pandaane vandrar i gatene som deira herskerar. Når barna er hjernevaska til å tru at pandajævlane er snille og hyggjelege som kjem med gåver og godteri er løpet køyrd. Då mister vi ein generasjon. Og ein generasjon små gule kineserar er frykteleg, frykteleg stor.

Volunteer accepting prize from Panda
Til våpen. Mot Pandamonium!

4 kommentarer:

  1. Vet vel ikke helt.
    En kinesisk generasjon er stor, du har rett i det. Men i den store sammenhengen vil vel pandaene ikke bry seg med det? De sliter jo hardt med å få ned reproduksjonen i Kina, så om de hopper over en generasjon gjør vel ikke så mye?
    Sånn i den store sammenhengen?

    SvarSlett
  2. Men tenk om vi mister fleire? Tenk om vi mister Kina til Pandamonium? Det er noko vi risikerar no!

    SvarSlett
  3. Ikke med den reproduksjonsraten som pandamoniet har vist i det siste

    SvarSlett
  4. Men om dei brukar dei gule horder i mot oss!!!

    SvarSlett