laurdag 25. desember 2010

For ettertanke i jula

Så var nok ei jul overstått, og vi er i gang med romjula og fleire dagars postludium etter fråtsing i måt og materiell velstand. Gåver på gåver har velta over borna i familien, medan vi vaksne har humra og kost oss med nye slips og bluser. Dagen derpå kan det vere greit å puste i bakken og tilbringe litt tid i stille meditasjon og ettertanke. Eg vil gjerne at de alle tenkje litt på dei som har gjort årets julefeiring mogleg. Først i rekkja er vel kanskje Julenissen, det er nok han dei fleste tenkjer på som den ansvarlege for alle desse materielle godane som openbarte seg under det hedenske juletreet. I andre rekkje har du vennar og familie, som har spinka og spart for å ha råd til å deg akkurat den gåva du vart så glad for i går, kva no enn den var (tapt som den er i haugen av innpakkingspapir).

Ja, dei skal ha sin takk. Men det er andre som har hatt meir å seie, og la oss tenkje på dei i 2010. Eg snakkar då om alle dei butikktilsette som har trassa sjukdom og julestress for å stå bak disken med eit smil og betjent deg på best mogleg vis. Dei har ikkje vist sitt eiga stress når du har stått og banna og steikt i kø til kassa, eller svima forvirra rundt i leiketøysbutikken på jakt etter den perfekte gåva. Nei, dei har tatt i mot deg med spøk og smil, og hjulpe deg fram til akkurat den gåva som du var på jakt etter. Dei har gjett deg gode råd og vink til kva som passar, og funne fram enno betre ting enn det du hadde tenkt å kjøpe - kanskje tilogmed til ein billegare penge? Dei har tilogmed pakka gåva inn for deg. Med eit smil.

Desse same folk har hatt sitt eiga julestress å tenkje på. Sine eigne gåver å pakke. Sine eigne hus å vaske. Men dei har undetrykt dette for deg. For at du skal få ein så bra jul som mogleg.

Så gje dei ein tanke.

Deretter gjev du ein tanke til dei som har laga gåvene. Anten det no er små gule kineserar eller fattige små barn som med blod, sveitte og tårer har produsert dippeduttar, leiketøy og klede så effektivt som mogleg i noko som tilsvarar gode gamle fangeleirar. Ja, gje dei ein tanke. For dei har gjett deg jula si, for truleg hadde dei ikkje høve til å feire den sjølv.

God jul då folkens!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar