søndag 12. desember 2010

Fred på jord, ein julefilm

No er eg ikkje den som krydrar bloggen med julestoff kvar desember, vi her i moskeen prøver helst å la denne årstida gå forbi så tyst som mogleg. Sjølv når det smell bombar i nabolaget. Vi legg oss simpelthen ikkje opp i korleis folk vel å feire sin materielle velstand. Vi likar derimot post-apokalyptiske visjonar og spekulative fablar, og når det overlappar så har vi ikkje noko val å dele det med dykk.

La meg difor presentere denne visjonen av ei jul, i ei nær framtid (eller er det kanskje fortid?) av Hugo Harman frå 1939. I ei verd der menneska endeleg har klart å to rotta på seg sjølv, er det verkeleg dei saktmodige som har arva herlegdomen - dyra styrar på jorda, og dei har sjølvsagt si eiga vri på julesoga. Så kom her, og slå dykk ned, og lær om kva som hende med menneska.


Om eg skulle seie to ting om dette så ville det første vore... eg elskar rotoskopiteknikkar! Og det andre vere, sjå - ei framtidig verd utan pandajævlar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar