måndag 6. desember 2010

Hip hop på grasrota

Hip hop, og rap, har alltid vore eit uttryk for den harde folkesjela. Original rap var primal og lite forfina, det var rått og usensurert. Korleis kan ein ikkje like noko så ærleg som det? Ja, klart ein kan ta avstand frå delar av bodskapen og artistane, men det var ikkje noko tvil om at dette var ekte saker. Ekte kulturelle uttrykk, av ekte menneske som levde eit ekte liv på ekte gater. Det er det ikkje noko tvil om når du fyrar opp klassiske album som Yo! Bum Rush the Show av Public Enemy eller Straight Outta Compton med sjarmørane i N.W.A., og er ikkje kanskje Banned in the USA av Luke Skywalker & The 2 Live Crew minst like aktuelle i dag som då den først dukka opp? Eller kva med gutane i A-Team, seinare BOLT Warhead? Der snakkar vi skikkeleg norsk rap!

Rap og Hip hop vart søppel med åra, la oss berre innrømme det. Med den eine idiotiske gangsterrapparen etter den andre så var det ikkje lenger særleg ekte. Musikken var keisam, artistane hadde ikkje sjel, men stor lommebok og eit enormt ego å mate.

Det var trist å sjå ein sjangar som var så viktig for å gje dei utan ei stemme ein kanal gå til grunne, men slik går no det. No er det eit fåtall av krigerar der ute som kjempar hardt for å halde sjangaren i livet. Dei tar den attende til røtene. Attende til grasrota. Berre sjekk ut desse danskane med max street cred!


Slike talent har eg ikkje sett sidan gromgutta i Gatas Parlament kasta seg ut i det!

Så kan vi ein annan dag snakke om dei som tar rappen opp eit trinn på klassestigen, som Professor Elemental og Mr. B The Gentleman Rhymer. I kveld skal vi drikke dansk økologisk mjølk, og krysse fingrane for at den er skikkeleg pausterisert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar