søndag 19. desember 2010

Jul med Laibach?

Jula kjem mot oss som eit tog ute av kontroll. Jula kjem som julaften på kjerringa, kvart år... eh... ja, de skjønner kva eg meiner. Det er travelt. Det er hektisk. Og dei av dykk der ute som klarar å lyge på dykk julestemning i alt dette kaoset vil henge ut som masochistar. For å nytte meg av ein av Laibach sine vendingar, så er jula ei feiring som krev fanatisme. Det er det einaste viset du kan overleve.

Så eg lurte på korleis det ville vere å feire jul med dei slovenske gromgutane i Laibach. Korleis er jula sett med deira auge? Vel, for det er i første omgang to ting som er verdt å trekkje fram, det eine er kommersialismen. Det store behovet for å shoppe, eller plyndre om du vil. Det andre er hastverket, for julaften er her snart, og du har ikkje handla alt du skal. Tida er snart ute... spelet er straks ute: Das Spiel ist Aus


Deretter trur eg dei nok ville ha tatt seg tid til å sjå på prisen vi må betale for varene vi handlar. Så mykje av det vi kjøper er produsert i den tredje verda, og er simpelthen ei gugge av blod, sveitte og tårar til dei som vi så altfor lett vil gløyme. Prisen vi vil betale for dette er ikkje berre den som heng på den kinesiskproduserte dukka du riv ut av hylla med glødande auge, prisen vi verkeleg skal betale er i framtida, når konsekvensane av denne handeleg kjem til å flaume over Europa... Barbarians are coming, the Demon is rising...


Korleis kan det ha seg at det har blitt slik? Den tradisjonelle europeiske industrien, vårt handverk og vår produksjon, lik den amerikanske, er ein skugge av det som ein gong gjorde den stor. Wirtschaft is tot!


Men alt dette kastar vi til side no mot slutten av året, når mørketida skal avsluttast og sola skal snu. For uansett om du er kristen, jøde, muslim, Chulhu-kultist eller odinist, så krever gudane sitt. For Gud er Gud! Og dette er vår offergåve til han!


Og slik har det alltid vore, og slik vil det alltid vere, over heile verda og ingenting kjem til å endre denne verda, og med det ville nok Laibach ha avslutta med John Lennon sine ord.


Og når dette juleevangeliet var fortald, så er det klar for eit herremåltid. Så ha litt sympati med oss, for du veit kven vi er. Kjekt å treffe deg.


Så god jul, lukke til med julehandel, fråtsing og bloting.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar