tysdag 14. desember 2010

Når ei bikkje først skal snakke...

Snakkande dyr er populære blant barn, og du finn dei stadig vekk som hovudattraksjonen i allskens teiknefilmar, særleg produsert av Disney. Dyr, som dei C.S. Lewis skildrar i Narniabøkene, skal illustrere reine eigenskaper og på sett og vis vere førebilete for våre barn.

Høyres bra ut i teorien, ja? Ta ein kikk på denne reklamen for Lexi, den snakkande hunden.

Fabelaktig, ja? Noko slikt kan ein jo gjerne unne sine barn... men det var eit eller anna som skurra var det ikkje? Shopping? Superstjerner? Når eit dyr først snakkar, kva seier dei eigentleg? Denne avslørande videoen av Lexie i aksjon seier meir enn ein eigentleg vil høyre.

Akkurat ja... ein sitt att med ei litt tom kjensle etter dette. Du kjøper ting som ber deg kjøpe meir? Er ikkje det pittelitt forstyrrande? Det er nesten som å kjøpe Apple-produkt det.

Neste gong eg høyrer nokon klage på valdelege spel og leikar, så skal eg vise fram denne bikkja. For når dyr først talar, så snakkar dei eit disneyfisert kommersielt språk. Og det er kanskje god nok grunn til at dei skal halde godt kjeft?

5 kommentarer:

  1. Vi hunder nekter å holde munn. I alle fall vi som har noe mer vettugt å komme med enn Lexi. Hvor skulle dere mennesker vært uten bassetene? Dere har jo stjålet så godt som hele åndshistorien deres fra oss.

    SvarSlett
  2. Som bevist i denne lenken: http://lordbassingtonbassington.blogspot.com/2009/06/bassetological-research.html

    SvarSlett
  3. Emmmmm........... Hva kan du si til slikt?

    SvarSlett
  4. Som enhver godt oppdratt basset trenger jeg for min del si et eneste ord for å gjøre meg forstått. Gustav Beowulf of Lulubelle

    SvarSlett
  5. Det fine med dykk fornemme bassettar er at de lar ein sekretær tale på dykkar vegne. Eg går utifrå at litt sensur av handelsbegjæret skjer i den prosessa.

    SvarSlett