laurdag 29. januar 2011

Den døyande soldaten, av Den Unge Herr Holm

Min gode venn Kim Holm, kjend som multikunstnaren Den Unge Herr Holm, freistar til stadig å sprenge grensene for sin kunstneriske aktivitet. Hans siste prosjekt er Free Art Friday, der han produserar gratis kunst, i løpet av ein to timars direktesendt teikneøkt kvar fredag. Det endelege produktet er fritt for alle å ta i bruk, og det finn du her. Denne fredagen tok eg like godt å slengte inn eit ønskje om ein døyande soldat.
Wehrmact soldier dying in the arms of his gay lover. Den Unge Herr Holm. CC-BY.
Ein døyande tysk soldat frå andre verdskrig, i armane på sin homofile elskar får å vere heilt presis. Veldig naturleg motiv, om du spør meg, og resultatet vart fabelaktig.

Om du vil sjå korleis det heile vart til kan du sjå heile den to timar lange seansen (der den døyande soldaten vart mana fram heilt mot slutten) i desse opptaka.

  

  

  

  

  


  

  

  

  

  


Så vonar eg at de alle held auge med min venn, Den Unge Herr Holm, på fredagane framover. Og treng du ein illustrasjon, så kvifor ikkje ta kontakt med han?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar