tysdag 4. januar 2011

Desperasjonsdverg

Etter ein lang dag utan høve til å forfatte ein fatwa eller noko anna til denne bloggen, sett eg meg ned framfor PCen utan ei aning om kva eg skal skrive. Eg snur meg til frøken Stokkefot, som i kveld har prøvd å lade sin øydelagde mobiltelefon (ho drukna den i fylla) som ingenting hadde skjedd, og spør: "Kva skal eg kaste ut i bloggen i kveld?"
"Ein dverg!" svarar ho smilande.
"Ein dverg?!"
"Ja, dei er jo kjekke å kaste har eg høyrd!"
Eg anar ikkje kvar ho kan ha høyrd om slikt, eg tar ikkje på noko skuld iallefall, men her er ein dverg. Ein dansande dverg.


Men, tenkjer eg, er ein dansande dverg nok til å unskulde eit blogginnlegg? Det må meir til for at det skal vere verdt å lese. Så eg sleng ein dverg til på lasset.

Det burde halde.

Eg veit... eg veit... eg er eit dårleg menneske. Men det er verkeleg ikkje vondt meint altså... heilt sant. Stokkefot fekk meg til å gjere det!

6 kommentarer:

  1. Her har vi selveste MiniKiss - svært populære ved fakultetet. They call him Dr. Love!
    http://www.youtube.com/watch?v=wiDVnuMSigA&feature=related

    SvarSlett
  2. Ufyselig! FISJ!

    SvarSlett
  3. Hahaha. Og ja. Vi skylder på Stokkefot, da går det alltid bra. :D

    SvarSlett
  4. @Snirkelsnorkel: Det er vakkert, vakkert, vakkert!

    @Stine: Det seier du berre fordi du er redd for dvergar. Pyse.

    @Metallicatrollet: Eg har gjort ein vane av det lenge. Det og prøve å dyrke fylleangsten hennar som ein kunstform.

    SvarSlett
  5. Stokkefot kan ha oppdaga fenomenet på fleire stader, m.a. eit par sekvensar i Ringenes Herre-filmane og eit vellukka rekordforsøk i Pondus der ein viss tysk dverg våga seg til å sei nedlatande ting om Derrick til si morgonkåpebekledde frue. Det er visse friheiter ein ikkje kan ta seg dersom ein ikkje vil hamne på sjukehus.

    SvarSlett
  6. Ja, det må vere ein slik stad ho har oppdaga det, sjølvsagt! Det er iallefall ikkje mi skuld!

    SvarSlett