fredag 7. januar 2011

Desperate fruentimmer og havdyr

Eg har forstått det slik at kvinner tykkjer det er vanskeleg å finne anstendige mannfolk, at dette står på sin urimeligheit all den tid mullaen er på denne kloda for så vere. Mennene dei treff har ikkje dei naudsynte eigenskapene for å tilfredsstille deira materielle, emosjonelle og fysiske behov, så dei tyr til andre løysingar og hjelpemiddel. Anten det no er ein feit jobb, eit lesbisk parforhold eller ein skuff full av fargerike plastleiketøy. Alt dette er vel og bra, og mullaen dømar ingen, og oppmodar alle kvinner til å gå ut i verda og finne det dei treng. Ein kan likevel stille spørsmål ved dei som vonar å finne kjærleiken på akvariet.


For all del, denne kvinna er ikkje åleine om dette. Som Youtube pent demonstrerar. I tillegg har du alle dei kvinner - og menn! - som finn ei djup, åndeleg meining i det å symje med delfinar. Dette er ikkje så uskuldeg som ein gjerne vil ha det til, for delfinar er faktisk berykta i zoologiske kretser for å ha sex med det meste, og ikkje minst med menneske som symjar rundt dei. Mang eit ung gut har blitt overraska over å ha fått trusa røska av seg av delfinar, før dei... vel... får ei alternativ seksuell oppleving. Delfinar er trent i snutesex, og nyttar gjerne båe den og sine kjønsorgan i sin omgang med kvarandre og meir eller mindre frivillige symjarar. For medan dei fleste rapportar ein får om dette, kjem frå dei som har blitt utsatt for uønskja merksemd, høyrer vi aldri frå den stille majoriteten av sexpartnarar som likar å symje med delfinar, som det så pent heiter.

Bodskapen? Vel, for det første; den unge kvinna på videoen bør ikkje føle seg spesiell, ho var neppe den første, og ho burde få seg sjølv sjekka for sjøherpes eller akvaklamydia. For det andre; Flipper var eit skittent, skittent sexsvolten dyr. Eg berre seier det.
Flipper. Post coitus.

2 kommentarer:

  1. Har jeg noen gang fortalt deg om homofile delfiners seksualvaner? De involverer noe...uvanlig bruk av blåsehullet.

    Temmelig ekle dyr egentlig.

    SvarSlett
  2. Mullaen er velinformert om temaet. Han har tilogmed vore på førelesing om det ;-)

    SvarSlett