tysdag 11. januar 2011

Det vert vrøvla om negre, hottentottar og det korrekte språk

Ein vassekte hottentott!
Språk er og blir politikk. Særleg når kva vi har lov til, og ikkje lov til, å seie og skrive vert eit spørsmål. Ein skal ha lov til å seie det meste... berre ikkje visse ting, som finnes på ei eller anna liste over fy-ord der ute. Dette er ord som kan støte andre, og må difor undertrykkast og fjernast. Dei færraste vil støte andre, så vi reagerar ikkje så kraftig på det. Vi treng strengt tatt ikkje å fornærme folk i hytt og pine som om det var sport i det (eg seier at ein ikkje treng, ein må gjerne gjere det om det er moro).

Men er det ikkje å ta litt hardt i å prøve å frårøve menneske som ikkje kan forsvare seg sine uttrykk, og deira kultur? Er det verkeleg meining i å forringe kulturen og historia på dette viset? For det er jo det som skjer når dei ønskjer å fjerne alle referansane til "Nigger" i Mark Twain sin Huckleberry Finn. Slik ønskjer dei å rehabilitere antirasisten Twain der på andre sida av andedammen. Dette følgjer opp tilsvarande saker vi har hatt her på våre trakter der hottentottar og negerkongar har fått gjennomgå i bøkene til Astrid Lindgren og visene til Torbjørn Egner.

Dette er prosjekt som berre kan få støtte frå det mest blåaugde av politiske korrekte surrehuer. Vi må andre ord til disiplane til Thomas Hylland Eriksen innanfor Sosialantropologien, der den kvite mann (eller i disse dagar kvinner for det meste) stirrer naivt ut av kontorvindauget sitt i von om å få eit glimt av det ville naturmennesket for å forske litt på det i eit minutt eller to. I denne samanhengen snubla vi over bloggen til Rannveig Svendby som held på med si masteroppgåve om menn som vert valdtatt. Her kan vi lese at ikkje berre er det heilt gruuuuusomt at ein i dag er nøydd å lese at ein for hundre eller to hundre år sidan tenkte annleis om andre menneske enn vi gjer i dag, og - skrekk og gru - kanskje omtalte dei i meir nedlatande former, men at ein bør gå aktivt inn for å sensurere og skrive om historia. Kvifor stogge med Mark Twain, når Knoll og Tott inneheld snakkande apar - noko som berre vere negre! Ja, for all del, i motsetnad til dei andre svarte menneska med tjukke lepper som spring rundt i desse heller traurige stripene, så må apane vere dei reelle representantane for afrikanske menneske.

For det er jo slik ein opererar i den moralistiske sosialantropologien. Vi skal ikkje lenger studere "den andre", vi skal ikkje lenger undertrykke han med vårt blikk, vi skal føle med han, og vi skal vere indignert på hans vegne. Vi skal forsvare han, der han sjølv ikkje bryr seg. Og i denne prosessen er alt lov. Ranveig Svendbys omtale av Mark Twains Huckleberry Finn oppsummerar det meste.
De fleste er enige i ordtaket; ”det er ikke gull alt som glimrer”. Derfra er ikke veien lang til å innse at alt som er gammelt ikke nødvendigvis er verdifullt – noe er bare søppel. Rasistiske holdninger bør ikke få immunitet bare fordi de er pakket inn i tilsynelatende uangripelige rammer, som ”tradisjon” eller ”klassiker”.
Ei slik kultur- og historielaus påstand kan berre komme frå den mest foraktfulle barbar, svolten på tygge vegg kvar flis i bærebjelkane av vår sivilisasjon. Ein slik vilje til å skrive om historia er ikkje berre samanliknbar med George Orwells fiktive 1984, nei, denne vilja har òg sine heilt konkrete parallellar i dei totalitære prosjekta til Stalin, Hitler og Pol Pot som prøvde å omskape fortida i eit bilete som spegla det framtidssamfunnet dei jobba for. Og det skulle faen meg ikkje vere naudsynt at ein i 2011 må samanlikna ein masterstudent på sosialantropologi med desse brutale kreka, men der har altså dette vanviddet komen.

Om målet er å utradere rasisme og stereotype fordommar, korleis tenkjer ein å få det til utan å faktisk ha døme å vise til? Korleis lære av historia, om ein skriv den om for å ikkje verte minna på den? Foran seg skyver ho barna. For det er grusomt at barn vert utsatt for klassikerar som Huckleberry Finn og Knoll og Tott, originalane av desse må vere forbehaldt forskerar som kan låne dei ut av forsegla arkiv, medan barna kan nyte godt av nyoppussa og steriliserte soger utan noko som helst rot i røynda som skapte dei.

Det er så forbanna historielaust at ein får ein vond smak i munnen av desse prosjekta. Kor langt vil dei ta sin moralske indignasjon? Kor langt skal desse draumeaktige betrevitarane få lov til å ta dette prosjektet med å rydde opp i sin dårlege samvit. Ja, dei har forstått at "den kvite mann" har vore slem, ved å fjerne alle spor, vert nok alt tilgjeven... dog eg trur aldri eg har møtt ein afrikanar som bryr seg om korkje Huckleberry Finn eller Knoll og Tott. Det er det berre moralistiske bleikfisar som gjer.

12 kommentarer:

  1. Om vi skal fjerne kjipe ting fra historien, er det jo mange ting vi kan legge til listen? Holocaust feks? Hva er poenget med historie om vi bruker nåtiden på å forandre hva den har lært oss? "Fortida er ikke hva den en gang var" for å dra en billig historiespøk...Jeg er totalt motstander av å editere litteraturen på denne måten. Virkelig helt på trynet. Done deal.

    SvarSlett
  2. No har eg lest Mullahens innlegg, Rannveigs innlegg og Thomas Hylland Eriksens innlegg. Grundig til verks, altså.

    Min konklusjon: Mullahen er ikkje så dum. Rannveig tar i overkant hardt i. Eriksen har fleire gode poeng, men tar ikkje klart standpunkt i forhold til å redigere andre folks skriverier.

    Vidare: Sensur av verka til folk som ikkje kan delta i diskusjonen er ikkje bra. Om Radioteateret eller barnetimen eller kven det no er, ønsker å tilpasse tekster før dei sende sine greier på lufta kan dei sjølvsagt det. Så sant dei seier i frå: "basert på" eller "fritt etter" eller noko i den duren.

    SvarSlett
  3. @Batcheeba: Dei er ivrige, dei som ønskjer å skrive om vår fortid og gjere oss betre enn vi er. Dog eg mistenkjer dei ønskjer å gjere oss betre enn vi nokon gong kjem til å vere. Kloda vil alltid vere befolka av svartingar, gulingar, bleikfisar og andre fargerike framtoningar. Vi kjem i alle variantar av fordomsfulle skitsekker, og all verdas redigering vil ikkje endre på det.

    @Bad Mynock: Hadde du venta at eg var dum? Din frekke faen! Thomas Hylland Eriksen får berre poeng i paralympics, og Rannveig kan ta seg eit tak! HA!

    SvarSlett
  4. Ah eg ser det for meg, Svendby og Eriksen sitter hånd i og hånd og synger "...Stalin kom tilbake..."

    Finnes ord for denne slags omskrivinger: historierevisjonisme :)

    SvarSlett
  5. Ja, revisjonisme er visst det siste nye i korrekte kretser på Blindern. Dette vert spanande.

    SvarSlett
  6. Men Pol Pot var vel som Mao og Øgrim antirevisjonist?

    SvarSlett
  7. Pol Pot, historielæraren som vil avgrense pensum ved å føre nasjonen attende til år null. Om ikkje det er revisjonisme på høgt nivå, så anar ikkje eg.

    SvarSlett
  8. Hehe, tenkte jo kommunistisk "antirevisjonisme" då. Den som kom etter at Khrusjtsjov "reviderte" Stalin. Var visst in på Blindern og omegn for nokre tiår sidan. Men har sikkert vore nokre skuleleie elevar som kunne ha likt ein slik pensumreduksjon innimellom.

    SvarSlett
  9. Ja, men Sosialisten då, den der internrevisjonen til sosialistane går jo eit stykke bakover. Stalin reviderte Trotsky og Lenin. Lenin reviderte Marx. Og Marx stal no godt frå godguten Bakunin. Inga respekt for intellektuell eigedom der i garden, nei. Tsk tsk tsk.

    SvarSlett
  10. @ Mad Mullah angående: Tsk tsk tsk. Og dette kommer fra mannen som mener at kreativitet er å skjule sine kilder ;)

    SvarSlett
  11. Mark Rein*Hagen meinte det, eg meiner han har eit poeng ;-P

    SvarSlett
  12. En neger er en neger. Det er ikke rasisme i noen form å påpeke det. Vi gjemmer sannheten med vårt ''snille'' ytre.
    Vel skrevet, mullah!

    SvarSlett