tysdag 25. januar 2011

Ein introduksjon til rollespel

- Så de sitt berre der og triller terninger?

Dei som aldri har spelt rollespel, og hatt det moro medan dei har gjort det, har gjerne store problem med å forstå kvifor nokon vel å bruke store delar av si fritid til denne hobbyen. Mullaen har aldri lagt skjul på at store delar av sin ungdomstid med å utvikle og spele ulike rollespel, og han tok det såpass langt han endte opp som rollespelforfattar/designer. Ein yrkestittel han til dags dato ikkje har klart å riste av seg, trass at det med vaksenlivet vart veldig vanskeleg å halde liv i sjølve hobbyen. Då han fekk førespurnad om å spele i næraste framtid trakk han difor litt på smilebandet og kasta eit blikk på kalendaren - har eg tid til dette då mon tru? Eigentleg ikkje. Ja, sjølvsagt skal vi spele. Ein dag.

For er du først ein rollespelar, så er du det for livet - sjølv om det går eit, to eller fem år mellom kvar gong du speler. Så ja, eg skal spele ein av dagane tenkjer eg. Kanskje sparke liv i ein pågåande kampanje om eg føler meg velvillig.

Så kva med dykk som lurar på kva som skjer når ein speler? Dei av dykk som ikkje vågar å spele sjølv, men har lyst til å vere flue på veggen. Problemet er at det er kleint. Ein framstår ikkje på sitt mest sosialt intelligente medan ein sitt der og kastar på terningar og ler av teite vitsar og lagar rare stemmer... så du slepp ikkje inn. Ikkje hjå oss... men hjå nokon andre, ja. Møt "I Hit It With My Axe", ein glimrande webtv-serie som følgjer ein heilt vanleg spelegruppe på deira eventyr. Som dei fleste grupper består den av folk frå litt ulike bakgrunner, og i dette tilfellet er det Connie og Frankie, som er ein stripper og ein frisør. Og ja, Kimerly Kane, Zak Sabbath, Mandy Morbid og Satine Phoenix som er pornoskodespelarar. Kva kan gå gale? Her er introduksjonsepisoden.



Og episode to og resten finn de her. Bon apetite.

1 kommentar:

  1. Hehe, den serien hadde virkelig mange nivåer. Takk for tipset.

    SvarSlett