fredag 14. januar 2011

Frå det rosa til det svarte

La oss ikkje verte fullstendig oppslukt av debattar om rosa ting, uansett kor fin farge det er, det er langt viktigare debattar som må takast om andre fargar. Svart. Det vil seie, om vi kan tillate fortida å kalle ein spade for ein spade, når vi ikkje tillet det i dag. Skal vi revidere historia? Eit rungande ja, høyrer vi frå blåaugde velmeinande sosialantropologar.

Skeptisk mumling og fnysing kan høyrast frå moskeen, men ikkje berre derifrå. Øyvind Strømmen er ein skribent og bloggar her på vestlandet som svingar ein drabeleg god penn når han kastar seg over dei viktige spørsmåla. Han stillar seg bak vårt krav om å ikkje revidere kulturhistoria i så altfor stor grad, og vel heller å gripe tak i Knoll & Tott for å vise historikken bak "rasistiske" teikneseriestripar og nokre av nyansane ved dei. Kanskje ikkje så dumt det der konseptet når ein skal forstå historia, nyansar. Sjølv om nokon framleis tykkjer at sensur er betre, då ein slik lett fjernar dei vanskelege spørsmåla. Det er ikkje lett å vere sosialantropolog har ein forstått.

Så for all del, medan vi elskar alt som er rosa her i bloggen, så er vi frykteleg opptatt av andre fargar òg, og fråveret av dei dersom sosialantropologane får råde.

4 kommentarer:

  1. Er "sosialantropolog" nytale for "revisjonist"?

    SvarSlett
  2. Det byrjar å sjå slik ut, ja :-P

    SvarSlett
  3. De burde forklares at noen ganger er en apekatt bare en apekatt...

    Det jeg er mer interessert i å spørre om enn om sosialantropolog er nytale for revisjonist er som følger: Når begynner de å snakke om sosialantropologenes byrde?

    SvarSlett
  4. Sosialantropologane har allereie peila ut si byrde. Det er alle desse farga menneska som ikkje klarar å forsvare seg sjølv mot historia.

    SvarSlett