torsdag 20. januar 2011

George Lucas kastar nok korta no

Det vert neppe nye Star Wars-filmar frå George Lucas, eller Indiana Jones... og vi må berre anta at han planlegg å skrinleggje den påbyrja Star Wars-serien som skulle komme snart. Ja, alt vert satt på pause. Lagt til side.

For verda går under i 2012. Eller noko slikt kjem til å skje. Iallefall ifølgje ein 20 minuttar lang tirade presentert av George Lucas til moroklumpen Seth Rogen. Det skal ha hendt på eit møte mellom Rogen, Lucas og Steven Spielberg, og Rogen hevdar at Spielberg tilbragte heile tiraden med å himle med auga. Litt som vi andre gjorde under Saving Private Ryan og München tenkjer eg...

Okay, vi får jo berre tru på det, for Toronto Sun driv jo ikkje med tullball, og konsekvensen er utan tvil at Lucas ikkje har tenkt å starte opp nye langvarige prosjekt når han burde investere i våpen, hermetikk og tid med døtrene sine. Det er iallefall slik eg ville prioritert om eg trudde verda gjekk under (meir om det seinare i år *dramatisk musikk*).

Så det er vel for alle oss slitne Lucas-fans å pakke saman sakene våre, og slappe litt av... for vi veit at han ikkje lenger kjem til å rote rundt med våre høge tankar om han. Vi kan alle møte verdas undergang, tryggje i vår visshet om at han var ein stor mann, som berre vart litt senil på slutten.

Medmindre han tar feil. Eller finn ut at han skal redigere hendingane desember 2012 etter dei har skjedd, og endre utfallet. Faen... det tenkte eg ikkje på. Pokkers stormannsgalskapen til den mannen, han har ein plan!

5 kommentarer:

  1. Bjørnene i den tredje filmen var nok et forvarsel på hva vi kan forvente oss i 2012.

    SvarSlett
  2. http://www.wired.com/underwire/2011/01/george-lucas-2012/

    “He was not serious when he talked about the end of the world in 2012 but he is an adamant believer that the world is flat, that Stonehenge was built by aliens, and that the sun revolves around the Earth,” Hale said. “These are among the many subjects he commonly discusses at length with Elvis, who he’s going to digitally insert into Indy 5 along with a roster of famous dead actors.”

    SvarSlett
  3. Tihi... eg vel å tru at George Lucas er koko, så det så!

    (Eller som du kanskje las av innlegget, så tok eg ikkje påstanda så alvorleg :-P)

    SvarSlett
  4. Svaret fra Lucasfilm var bare såpass underholdende at jeg syntes det fortjente å nevnes.

    Av andre underholdende ting twitter har bragt meg i dag, så føler jeg denne er verdt å dele:

    http://io9.com/5738863/watch-nic-cage-have-gunfight-sex-in-this-insane-drive-angry-clip-%5Bnsfw%5D

    Hvordan kan man ikke like Nick Cage?

    SvarSlett