måndag 31. januar 2011

Hello... Panda?!

Det finnes ikkje det skitne triks, eller den djupnad Pandamonium ikkje er villig til å synke til for å påverke oss. Dei bombarderar oss med små og enkle impulsar for at vi skal tenkje på dei i positive ordelag. Dei invaderar "det søte" for at vi skal tru dei er søte, dei invaderar det heilage, for at vi skal tru at dei er heilage. Dei vil immunisere seg sjølv mot all motstand, og få oss til å ville underkaste oss deira vilje. Det er deira prosjekt. Og vi er klar over det. Og vi venta vel eigentleg det meste.

Men dette... dette er det verste. At dei kan besudle noko så vakkert... at dei kan våge å prøve å skvise ut ei gudinne, sjølve skytsengelen for vår tid...
Ei grov fornærning av rettruande. Beklagar slurv med biletet, men eg var rasande.
Kva har Hello Kitty gjort dei?! Kva får Pandamonium til å tru at dei kan ta hennar plass? Om det ikkje var krig før, så er det jommen meg krig no! Ned med Pandamonium! For folk, fedreland og Hello Kitty!

4 kommentarer:

  1. Jeg gjentar; jeg synes det er noe lummert med voksne menn som svermer for Hello Kitty.

    SvarSlett
  2. Lummert? Hæ? Ser eg ut som september månad? Høyres eg ut som tordenver... okay, det gjer eg kanskje, men berre når eg har spist bønner.

    Uansett! Hello Kitty er di gudinne, bøy deg i støvet for denne himmelens store stjerne, og Allahs uekte dotter!

    SvarSlett
  3. http://blog.riflegear.com/archive/2007/12/26/hello-kitty-ar-15---evil-black-rifle-meets-cute-and.aspx

    Hello Kitty JIHAAAAD!!!

    SvarSlett
  4. Oh yeah, baby! Vi har vore inne på tanken ;-)
    http://profetenhastur.blogspot.com/2009/05/sjarmerande-sjlvforsvar.html

    SvarSlett