søndag 2. januar 2011

I krisetider

Den økomiske krisa i verda held fram, og det er nok av folk som veit å sko seg på. Kva som helst kan unskuldast med at lommeboka er under press, og kven som helst kan peikast ut som fienden. Syndebukkar må ein ha. Det er difor ikkje rart at brølapar på høgresida, sengekameratane til kapitalistkjeltringane som forårsaka problema i utgangspunktet, sleng gladeleg med leppa. Enten det no er dei halvgærne tomsingane i sofaen hjå Fox and Friends eller den heilgærne kollegaen deira, Glenn Beck, litt lengre ned i korridoren. Du kjenner til han går eg utifrå? Ein mann som får Rush Limbaugh til å virke roleg og sinnsfrisk, og som klarar å få alt Obama tar seg til for å vere fullendinga av ein plan påbyrja av Doffen sjølv.

Eg må ærleg innrømme det. Eg elskar Glenn Beck. Sjølv om Donald ikkje er like begeistra.


Glenn Beck svarar på videoen her. Om du treng å få kort oppsumert Glenn Beck sitt virke, så er The Daily Show vegen å gå:

The Daily Show With Jon StewartMon - Thurs 11p / 10c
Intro - Progressivism Is Cancer
www.thedailyshow.com


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar