onsdag 19. januar 2011

Min kjære Krekar, forlet du meg?

Ein ekte kosemulla som diverre vil forlate oss.
Foto: Kim Nygård (knabba frå VG.no)
Eg har lenge levd i skuggen av mulla Krekar. Noregs mest omtalte mulla. Eg må jo innrømme at han har førsteplassen, og eg ein stakkarsleg andreplass. Eg har sølvmedaljen.

Det er vanlegvis ikkje noko ein skal sutre over, og eg meiner eg har takla det med godt mot tidlegare. Eg har eigentleg lært meg å leve med det. Eg har ein mann som eg kan sjå opp til. Ein mann som kan ta støyten som representanten for dei Kalifathungrige blant oss.

Men no vil han forlate oss. Han vil heim til Irak. Vekk frå kalde Noreg. Vekk frå varme meg.

Berre stikk, roper Jonas Gahr Støre, ein husvert som lenga har hinta til sin gjest at kvelden er over. Godt å verte kvitt han, roper Siv Jensen, som det mannevonde hespetreet ho er. Frykt for skjegg driv henne. Frykt for å virke veik driv Støre.

Ikkje reis frå meg, kviskrar eg ømt, det er farleg der ute.

I følgje sin advokat er han villig til å reise, men han treng berre eit par garantiar først. Han vil jo helst ikkje utleverast til dei som vil ha hans blod, så kanskje Noreg vil tale på hans vegne? Og om så skjer, så reisar han. Så forlet han oss. Den litt godslege fyren med skegg, og eit søtt smil.

Kva gjer eg då? Kva gjer eg utan han?

Jo, eg må reise meg. Vise meg verdig å vere Noregs mest omtalte mulla. Eg er ein godsleg mann. Eg har skjegg. Og eg har eit yndig smil. Nokon vil seie ein langt meir kledeleg nase enn den litt rebellske kurdaren, men det skal eg ikkje seie noko om.

Reiser Krekar vert det endeleg min dag. Min tur til å forsvare meg sjølv mot åtak i dagspressa, min tur til å hevde min rett til å bli i landet. Min tur til å snakke om konas kakeoppskriftar.

Hm. Det var ein ting... om Krekar reiser, må eg som Noregs nye riksmulla ta over kona hans? Eller kan eg få ein nyare modell?

Det er mykje å ordne, eg må byrje å førebu meg.

5 kommentarer:

  1. Eg trur du må sjå på dette som din store sjanse. Men du må nok vere på høgget, for eg mistenker at det òg er andre som står klare til å fylle rommet etter Krekar, om han no pakkar sakene sine og drar.

    Mr. Meling har heilt sikkert ein ny klient til dagspressa på lur. Noko må jo han òg bedrive dagane med.

    SvarSlett
  2. Jeg vet ikke om det er helt saklig og rettferdig å si at Siv Jensen vil ha Krekar ut av landet fordi hun er drevet av "frykt for skjegg". Det er vel ikke HELT utenkelig at Jensen faktisk er genuint opprørt over Krekars ugjerninger, og noen av disse ugjerningene kan du lese om her:

    https://vindheim.wordpress.com/2010/06/12/krekar-kaster-masken/

    SvarSlett
  3. @Bad Mynock: Ja, du har rett. Eg skal gjere mitt beste. Kanskje herr Meling vil ha meg som ny klient? To skalla menn liksom?

    @Thomas: Eg meiner det ikkje er eit urimeleg resonnement. Eg har sett korleis ho ser på meg, og det er ikkje blidt. Og eg ser eit snev av frykt når eg stryk meg i skjegget framfor henne.

    Dessutan er ho lesbisk. Lesber likar ikkje skjegg.

    Så alt i alt... har eg rett.

    SvarSlett
  4. Du kan ta det helt rolig Mullah Hastur
    Krekar tar med seg sin hulde viv. Hvordan skulle han ellers fått seg mat?

    Kamelryttersken postet sist: Det moderne kjøkken

    SvarSlett
  5. Så eg kan få ein nyare modell? Sweet! Kvar hentar eg henne? Og kan eg få ei som kan lage vaflar? Eg vil gjerne ha vaflar. Ofte.

    SvarSlett