søndag 30. januar 2011

Ny djupnad til Darth Vader

I september kjem den etterlengta komplette samlinga av alle seks Star Wars filmane til Blu-ray, altså båe dei nye og dei gamle, fullspekka med ekstramaterial. Blant ekstramaterialet er det scener frå dei originale filmane som vart spelt inn, men aldri vist. Scener som der Darth Vader og Luke kommuniserar med krafta i byrjinga av Return of the Jedi. Scener som dette, som ikkje passa inn i rytma og framgangen til filmane, bidrar enormt til å utvikle karakterane og gje dei meir djupnad, diverre trekk dei ned sjølve forteljinga på tidspunkt der sjåaren gjerne vil komme vidare. Eit godt døme på dette er sjølvsagt klippet nemnt over, men eit anna døme, som òg gav meir djupnad til karakteren Darth Vader, er å finne blant dei tapte scenene til A New Hope. Scener som potensielt kan opne opp for ei heilt ny forståing av karakteren, og som kunne, om inkludert, ført historia inn på eit langt meir interessant spor. Det er ei glede å presentere dykk for denne scena.

2 kommentarer:

  1. Pent.

    Men kvifor ha toalettskiltet på innsida av døra? Ein treng ikkje vere forvirra sithlord for å gå feil då...

    SvarSlett
  2. Sa du Sith Lord eller Shit Lord? Trur eg byrjar å få dysleksi ;-P

    SvarSlett