laurdag 1. januar 2011

Nytt år, nye innlegg?

Det er eit nytt år visstnok, og vi skal frå no av skrive 2011. Eit ganske godt teikn på at dette er tilfelle er at Noregs snakkande manet, Jens Stoltenberg, openberra seg på fjernsynsskjermane i dag, direktesendt frå Månen. Eller kva enn fjern klode den karen no oppheld seg på. Eg kunne høyre han drone avgarde i bakgrunnen her i stad, og kom på at eg kanskje burde sjekke innom dykk mine kjære lesarar og gjere opp status for 2010.

Ikkje at det er så mykje å fortelje - 2010 var eit år som så mange andre, der ein gjerne vart opptatt og distrahert av mykje rart. For å vere ærleg skreiv eg ikkje på langt nær så mykje som eg burde ha gjort - korkje her eller andre stadar. Særleg no i haust har bloggen vore svoltefora, og for dette beklagar eg. Skrivetørka har diverre sine årsaker, og sjølv om eg har lyst til å love at inspirasjonen no renn ut av øyra på meg, og eg er klar for å vere hyperaktiv i 2011, er dette diverre ikkje tilfelle. Eg vil gjere mitt beste for å få opp tempoet, og kvaliteten, og kvaliteten på skriveria, men ver tolmodig.

I 2011 ser vi fram til meir av det same. Det vil seie Pandamonium, Hello Kitty og ymse godsaker. Vi forventar at verda vil vere full av elende, og menneske som seier dei mest vidunderlege ting som berre må forevigast her i arkivet. Og kanskje eit og anna ord om prostitusjon, spel og filosofi. Og du skal ikkje sjå vekk i frå at ein fatwa eller to er påkrevd.

Så det er tilstandsrapporten for 2010.

Forresten - har de nyttårsbukkar der de er? Det har vi her, og det er jo sjølvsagt koseleg, men eg mistenkjer at kvaliteten vert forringa for kvart år som går. Kostyma er ein ting, men dei skal jo liksom synge. Og alle sang den same songen i år; We Wish You a Merry Christmas. Og ikkje berre var det frykteleg dårleg timing (jula er over den no barn), men det var uoriginalt at alle kom og sang det same. Dei burde ha valt ein norsk song, for det var openbart at dei ikkje hadde den engelske uttalinga på plass (eg skulder på skulevesenet).

Eg berre lurar på kva erfaringar de gjorde dykk dette nyttåret? Har borna vore like uoriginale over alt?

5 kommentarer:

  1. Her var det ingen utkledde barn på trappene, og da er man fornøyd :)

    SvarSlett
  2. Eneste her var noen smått avskyelige snøbarn. De kom inn og ville spille Black Ops online, og etterlot seg våte flekker over hele gulvet.

    Ellers godt nytt år, med eller uten bloggevilje. Mitt 2010 ble også mindre skrivende enn ønsket, så 2011 starter jeg i bakleksa allerede med det jeg må.

    SvarSlett
  3. Antidamen: Utkledde små barn er så søøøøte så!

    Asbjørn: Eg ser at det ikkje er store tradisjonen for nyttårsbukk i resten av landet lenger. Synd.

    Ja, her ventar eit bokmanus som skal redigerast (og eit som skal skrivast), og ein bunke med artiklar som bør verte forfatta etterkvart. Akk. Skru attende klokka?

    SvarSlett
  4. Alternativet til å skru klokken tilbake: Skuddmåneder nå!

    Tull å bare ha en ekstra dag hvert skuddår, når man kan tenke så mye større. Vi har etter lange diskusjoner kommet til at vi vil ha innført skuddmånedene septober og mauni for å ha en mulighet til å gjennomføre et og annet i løpet av et år.

    Vi kan selvsagt diskutere oppfinnelsen av bibliotek/skrivestue der tiden utenfor stopper når man går inn også.

    SvarSlett
  5. Ei slik skrivestue hadde eg satt veldig stor pris, særleg om den hadde ein velutrustra vin- og whiskybar. Men det seier vel seg sjølv?

    Når det gjeld skuddmånad, så må vi nok berre beklage at dette er naudsynt, men det er uomgjengeleg dersom arbeidsåret i det heile tatt skal føre til resultat.

    SvarSlett