tysdag 18. januar 2011

Skitne pandajævlar

Gjennom ein sjølvdestruktiv diett har pandabjørnane klart å utradere si eiga evne og lyst til seksuelle omkvem med kvarandre. Dei overlet til oss å handtere naturets krav om reproduksjon. Her går det i enorme mengder menneskeprodusert pandaporno, kunstig befrukting og kloning. Det finnes inga grenser for korleis vi skal verte involvert i deira seksualliv, og mentalt underkaste oss og subliminere deira seksualitet.

Eit av dei største problema med dette er at vi erstattar våre eigne seksuelle behov med dei utraderte behova til pandabjørnane. Altså, jo meir vi fokuserar på deira seksualitet, og det å gjere pandasex til attraktivt eller å erstatte den med våre gjerningar, jo meir tilvendt vert vi tanken på pandabjørnar som seksuelt attråverdige vesen. Kombinert med eit bombardement av telepatisk hjernevask for å bryte ned vårt mentale forsvar mot våre naturlege fiendar, og erstatte frykt med ein idè om at dei er søte, har dette ekstreme konsekvensar.

Med tid og stunder vil menneske berre verte i stand til å verte seksuelt opphissa, når dei kan forestille seg partnaren som ein panda eller noko pandaliknande. Den ultimate seksuelle fantasi vert pandahybriden - halvt panda, halvt menneske. Konsekvensane dette vil ha for menneskeleg prokreasjon og pornoproduksjon er enorme, og vi merkar det allereie på nokre felt. Ta til dømes fotografen Tom Jackson, som tydleg lenge har vore under påverknad av desse naturstridige tjukkasane. I ein serie fotografi har han tvunge ei gruppe vakre kvinner til å dekke seg sjølv til med pandakostymar, og slik erstatta deira menneskelege venleik, med desse beistas groteske utsjånad. Resultatet er så motbydleg at eg knapt vågar å vise fram eit knippe døme:
Fleire av desse perverse bileta finn de altså på heimesida hans.

For eit kvart fornuftig tenkjande menneske er det klart at dette kan vi ikkje la skje. Det har gått langt nok. Perversjonane må stogge. Pandamonium må knusast.

Heldigvis har den tapre duoen av politiske aktivistar i Danmark, Wulffmorgenthaler, produsert ein dokumentarserie om nett faren ved den mentale samansmeltinga av menneske og panda, og Pandamoniums umoralske, perverse framtreden.


Dokumentarserien har premiere på dansk fjernsyn i morgon, onsdag 19. januar, og vil vere obligatorisk for alle motstandskjemperar! Framåt! Mot sluttsigeren! Død over Pandamonium!

2 kommentarer:

  1. Åh, panda <3

    Har en gave til deg her:
    http://thebloggess.com/2011/01/omg-look-what-just-came-in-the-mail/

    SvarSlett
  2. Ser du kva styggedom vi er utsatt for?!

    At menneske føler for å kle seg ut som pandabjørnar er ein konsekvens av deira hjernevasking. Du kan lese om det her:
    http://profetenhastur.blogspot.com/2010/12/fienden-er-svart-og-kvit-ikkje-gul.html

    SvarSlett