måndag 3. januar 2011

Skjegget skapar mannen

Vi har tidlegare tatt opp klesmote i denne bloggen, gjerne med eit fokus på at kleda skapar mannen. Det er eit fåtall av unge menn i dag som forstår verdien av ein god dress og litt anstendig tweed på arbeidsstaden, og slips er fullstendig fråverande. Det heile er sjølvsagt eit resultat av feminismens totale krig mot maskuliniteten, dressen er tatt frå oss som maktsymbol, på lik linje med eit av dei framste symbola på vår manndom. Nei, ikkje tissefanten, men skjegget. Skjegget, i alle sine vidunderlege former er i dag rakka ned på av menn såvel som kvinner, og mange menn skjemst over sitt vakre andletshår. Det er eit kroneksempel på det marxistar omtalar som falsk medvite, at sjølv menn tenkjer at skjegg er noko som ikkje er pent. Det heile er sjølvsagt feil. Skjegg er maskulint, og det er vakkert, det er vår (synlege) stolthet (så lenge vi ikkje vankar dagleg på naturistreservat).

Eit godt skjegg er eit teikn på at ein mann er trygg på den han er, og er villig til å uttrykkje det på eit eller anna vis i andletet, på same vis som ei kvinne tar i bruk sminke. Skjegg kan kanskje gå av "mote", men vil aldri ikkje vere stilfullt. Noko denne gruppa med unge australske menn har innsett.


The Beards er altså eit australsk rockeband, som på lik linje med ZZ Top er ei vakker hyllest av den mannlege andletsbehåringa. Musikken er gjerne så som så i mullaens auge, men bodskapen er god. Utan skjegg er du ingen mann!


Ikkje berre er det ein minus for deg personleg, men kva førebilete er du for dine barn om du barberar vekk din stolthet? Kva vil din son tru om deg om du symbolt kastrerar deg framfor speglet kvar dag, og når han er vaksen nok tar høvelen til hans andlet. For å lære han, eller for å kue han? Om din far ikkje har skjegg, har du ingen far, du har to mødre!


Så om du er blant dei som undertrykk ditt skjegg, kanskje det er på tide å sjå deg i speglet utan å gripe til høvelen? La det gro, og bli ein mann. Bli ein stilfull mann. Bli ein mann som stolt synar fram sin maskulinitet. Bli med på... skjeggrevolusjonen!


Og om nokon der ute prøver å tråkke på deg og ditt skjegg (fullt mogleg om det er langt nok til at du sleper det etter deg), ja så berre avfei dei. Fnys dei i trynet og sei. Eg er mann, sjå mitt skjegg gro!

Hugs at Profeten, Julenissen og Osama bin Laden har skjegg, og to av tre er ikkje ille!

Mullaen har talt!

4 kommentarer:

  1. Mitt stolte skjegg har vært med meg siden 1973. Da var jeg ferdig i militæret, og kunne la min pryd gro.

    I 80-åra kom det ei dame inn mitt liv. Hun likte skjegget mitt, men mente det burde avgrenses litt i både lengde og bredde. Siden da har jeg barbert mine kinn, og holdt skjegget under haka kortere enn Taliban ville ha godkjent.

    En gang uti 90-åra begynte skjegget å miste sin svarte farge, og siden har det gått via salt og pepper til bare salt.

    Nå gir skjegget meg stor respekt blant mine utenlandske elever, som fortsatt får en skikkelig oppdragelse.
    Min grandnevø lurer på om jeg er julenissen.

    Jeg slutter meg til Mullahens oppfordring og hyllest til skjegget, og misunner hans pryds lengde og farge.

    Ved profetens skjegg!

    SvarSlett
  2. Eg har fått pes frå Mullahen sjølv når eg har gitt skjegg ein sjanse. Det er ikkje alle som er så velutstyrt frå naturens side...

    SvarSlett
  3. Mulle glemmer å nevne at det er så gøy å nappe i det. For oss andre altså.

    SvarSlett
  4. @Svein: Du skal ikkje skamme deg over over din sølvpryd, eg ser med glede fram til å la mitt skjegg gråne. Sjølv om eg er like glad kvar gong eg ser det svake brunraude skjæret i skjegget mitt i somarsola.

    @Bad Mynock: Det er ikkje at du gjev det ein sjanse du får pes får, det er det heller svake resultatet. Prøv hardare mann! ;-D

    @Arnfinn: Du din kjeltring! Eg skal nappe deg i nakkehåra, skal eg!

    SvarSlett