torsdag 13. januar 2011

To misogynistar i BT om bloggar og amming, og så kom Trine Grung...

Det var då som pokker, ein gamal ørn og fast lesar av bloggen er ute med misogynistiske utspel i Bergens Tidende i dag (ikkje på nett), dagen då alle er opptatt av noko heilt anna. Straume, det frekke individet vågar seg til å hevde at kvinner åleine ikkje kan vere ansvarleg for barn, og at det kanskje ikkje er kvinnediskriminerande med den derre tredjedelsordninga dei driv og drøftar. Det er ikkje noko eg forstår meg så mykje på, då eg er vaksen og ikkje trur min far lenger kan kreve pappapermisjon, men eg forstår jo at det er ekte kvinneforakt eg er vitne til her.
Fast gjest i moskeen er ute med kvinnefiendtlege utspel.
Som om ikkje det er nok, så er mullaen òg å finne under eit merksnodig pseudonym i den same avis, berre nokre få sider før. Det hadde seg slik at dei mangla litt sidefyll, ved sida av eit debattinnlegg der nokon desperat freista å gjere bloggdebatten om til ein debatt om framtidskåra til barneboka (her snakkar vi elegant intellektuell akrobatikk, og mullaen er mektig imponert), så debattredaktøren i blekka ringte mullaen og spurde pent om dei kunne få leggje ut ein redigert versjon av hans innlegg frå laurdag om temaet. Travel og velvillig som han er, sa mullaen ja, og fekk tilsendt den redigerte versjonen. Han gav eit par forslag til endringar, og uttrykte ønskje om at innleggjet kunne signerast Mad Mullah Hastur, og vart overhøyrd - og vips var avisinnleggjet eit faktum.
Spaltefyll til side med intellektuell akrobatikk.
Reaksjonane har stort sett vore positive, det er særleg jenter med bein i nasa som likar dette komprimerte blogginnlegget, medan nokon, for det meste menn, lurar på kvifor eg bryr meg. Eit spørsmål eg ofte stillar meg sjølv, men slår frå meg så kjapt eg kan for å ikkje virke sjåvinistisk ved å ikkje bry meg om "feminine interesser". Ei kvinne som tok det ille opp var Trine Grung, kjendistrynet som har slått seg stort opp på mykje luft, og som i seinare tid har gjort seg sjølv til ein ivrig forsvarar av alternativ medisin. Eller forsvarar-forsvarar, det er å ta litt hardt i. Hadde ho tatt i bruk argument i denne samanhengen, så hadde det kanskje vore ein debatt... men slik er det no ikkje. Som dette innlegget hjå gode gamle Virrvarr synar, eller de kan eventuelt lese kva godaste Gunnar Tjomlid har å seie, han vann trass alt årets Tordenblogg (og det fortente han). Det var difor med stor glede at eg fekk vete at dette var det dummaste Tringe Grung nokon gong hadde lest, eg tok det som eit kompliment.
Eg måtte jo takke med same mynt, måtte eg ikkje?
Og svaret hadde den harmoniske helseforkjemparen og feministen.
Kva skulle dette tyde? Eg vart fascinert av hennar klokskap og openbare innsikt i det mannlege intellekt.
Ja, er eigentleg Trine "Grunga" Grung transseksuell? Kom ho med dette ut av skapet, eg er redd vi får aldre vete svaret, for ho valte å aldri gripe fatt i akkurat det, for begeret var visstnok fullt.
Men over og ut var det ikkje, for eg måtte jo påpeike kven som byrja det heile... så barnsleg er eg! DET VAR DU SOM BYRJA!
Kor på ho overraskande nok beklaga det heile, og ein skulle tru at alt var duka for sivilisert samtale, men på dette tidspunktet ville fleire vere med, og møtt med massiv motstand kasta Grunga seg på eit fly, for aldri å verte høyrd frå att. Sist sett på Gardermoen med halen godt plassert mellom beina gitt.

Og snipp snapp snute, så var det eventyret ute. Sov godt.

5 kommentarer:

  1. Mwahahaa.. Trine Grung er det vel aldri noen som egentlig har likt, eller respektert. Ingen jeg har hørt om, hvertfall? Men jeg kjenner jo ingen, så da..

    Hm. Jeg husker mitt "første møte med henne" da hun begynte som programleder i Poprush på NRK P3 og gjorde det relativt ræva (egentlig veldig ræva, men jeg har hørt at "alt er relativt", så det gjelder vel til og med henne). Vel,vel. Jeg bryr meg ikke en dritt om den debatten (men gøy å se kjentfolk i avisene, i det minste!) - det har ingenting med motstand mot unge kvinnelige bloggere eller noe sånt å gjøre, det handler om å se litt ned på temaene de (for det meste) blogger om, og ikke minst reklamen, både den åpne, tydelige og den mer sneaky versjonen, "sponsorene" og den store egoismen/desperasjonen til f.eks de som er innom ALLE blogger med en og samme linje til alle sammen, uansett om forfatteren skriver et gledesstrålende innlegg om A på tentamen eller at faren nettopp døde i en tragisk ulykke: "Kul blogg! Se på meg, se på meg også, se da! Og kommenter!"

    Bah.

    SvarSlett
  2. Huff, Grung er så fæl. Hun stiller på lik linje med han der Armin Banani eller hva han nå heter.

    SvarSlett
  3. @Antidamen: Det er heftig bah-faktor ute og går i denne saka, ja, men heldigvis kan Grunga få oss til å flire.

    @Thomas: Banani trur eg er eit bra namn på han, ja. Og det er ikkje så lange vegen frå alternativ medisin til Nyhetspeilet gitt ;-)

    @Geir: I'm sure you did :-P

    SvarSlett
  4. Er på nett en stund til forandring, og valgte bort frokost-avisen til fordel for Mullahens stentavler. Godt å se at du er i storslagen form som vanlig! Skal bli flinkere til å slenge innom og kommangtere fra min eksotiske nordnorske synsvinkel.

    Heil og sæl,

    T5

    SvarSlett