torsdag 6. januar 2011

Video frå vår ærerike kamp

Våre tapre agentar verda over jobbar mot Pandamonium sine overveldande styrkar. Båe gjennom sabotasje og direkte kontrontasjon freistar vi å bryte ned dei usselege pandabjørnane si vilje til makt. Med geriljataktikk skal vi gjere det dyrkjøpt for desse rabiate latsabbane av nokre bambusetande møkkprodusentar å innføre deira blodige terrorregime. Vi vil falle ikkje falle enkelt, og vi vil ta fleire av dei med oss. Vi sitt ikkje stille, nei, vi overfallar dei når vi kan, så ofte vi kan, og med så stor overrasking som mogleg.

Det er ikkje ofte våre agentar har med kamera når dei planlegg direkte konfrontasjon, men avogtil må våre skjulte agentar nytte høvet og gå til åtak. Og dei, dei har gjerne kamera, for å registrere pandaaktivitet. Det er slik vi har fått tak i dette vassekte videoopptaket av ein topptrent pandakommando i kamp mot ein av våre etteretningsagentar.


De ser her kva vi står overfor, men frykt ikkje! Vi vil få vår hemn, og vi vil redde menneska frå deira tiltenkte lagnad. Om du vervar deg sjølv i dag, til kampen mot våre undertrykkerar. Utan deg, vil heile verdas befolking ende som vår agent!

3 kommentarer:

  1. Pandamonium neglelakk: http://www.all-you-desire.com/2011/01/opi-panda-monium-pink.html

    ;-)

    SvarSlett
  2. Det er direkte skandaløst! Boikott! Boikott!

    SvarSlett