onsdag 23. februar 2011

Alternative fødingsteknikkar

Alt er så jævla alternativt no om dagen. Ein skal korkje gjere det som er det tradisjonelle eller det som er det trygge, ein skal gjere det som er så annleis at ein føler seg spesiell. Ein vil i kontakt med seg sjølv, naturen og historia, og det gjer ein ved å oppsøkje metodar som er fullstendig framande for oss nordbuarar. Barneføding er eit klassisk døme. Tradisjonelt så skulle ein gjerne føde i ei lita trehytte i skauen, eller enno betre, på ei steinhelle midt uti skauen i skikkeleg sludd. Skrikande og skrålande, i visse om at båe mora og bornet truleg kom til å krepere. Overlevde dei, så var det fordi dei sparka rumpe og var klar for ei tøff verd. Den moderne metoden er sjølvsagt å føde proppafull av legemiddel, på ein steril fødestova med topptrente legar og jordmødre parat til å ta seg av deg. Korkje mor eller barn sparkar naturens rumpe, men det gjer i det minste dei som står rundt dei. Og det er jo i det minste noko.

Men så har vi dei som er så forbanna spesielle at dei må ha alternative prosedyrar - dei vil føde i plaskebasseng i sin eigen heim. Dei vil føde hengande frå eit tau. Dei vil ikkje ha smertestillande, sjølvsagt, fordi det er unaturleg og dei vil kjenne prosessa på kroppen. Smarte folk - her har ein jobba ræva av seg for å bekjempe naturen og den drepande smerta som følgjer med det å føde bæsjefabrikkar, så skal ein liksom ikkje ha pillene?! Nei, for å ligge i eit oppblåsbart basseng i stova og skrike i smerte er så forbanna naturleg, ikkje sant? Det er så... deg? Tanken åleine, på desse søkjande kvinnfolka og deira alternative og "naturlege" idear, gjer at eg får bruk for smertestillande.

Denslags er like naturleg som å føde medan ein hopper i fallskjerm, og har ein hund til jordmor. Og apropos det.




Greit... eg bryr meg eigentleg ikkje, eg ville berre vise det videoklippet. Fød som de vil, berre ikkje for ofte... og for stygt. Tenk på miljøet.

3 kommentarer:

  1. Jesus Kristensen! Hvor i helsikke fant du det der?

    SvarSlett
  2. Der eg vanlegvis finn ting? I innboksen min.

    SvarSlett
  3. Epiduraaaaal!! Hallelujaaah!

    SvarSlett